
Leiar av Opplærings- og helseutvalet, Roald Steinseide (f.v.), prosjektleiar for utbygging av biblioteka i den vidaregåande skulen i Hordaland, Siri Sjursen, og rektor Lillian Østensen deltok under opninga av det nye biblioteket ved Askøy vidaregåande skule der Eva Mostraum er bibliotekar. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Ein stor dag for oss
– Dette er ein stor dag for oss. Vi har ein bibliotekplan i fylket, men vi har ikkje vore flinke nok til å følgje den opp økonomisk. Hordaland er på botn på landsstatistikken over satsinga på bibliotek i den vidaregåande skulen. No har vi eit sterkt politisk fokus på biblioteka. Vi er svært stolte over det nye biblioteket her ved skulen, sa leiar av Opplærings- og helseutvalet, Roald Steinseide og overrekte blomster til rektor Lillian Østensen.
Auka satsing
Steinseide la ikkje skjul på at den direkte årsaka til den politisk auka satsinga på biblioteket er arbeidet til Siri Sjursen som er prosjektleiar for utbygging av biblioteka i den vidaregåande skulen i Hordaland.
– I år får vi bibliotekarar i full stilling ved åtte vidaregåande skular i fylket og halv stilling ved fire skular. Fleire skular skal få eigen skulebibliotekar i åra framover, lovar Siri Sjursen.
Privilegium
Eva Mostraum, som tidlegare var tilsett ved Fylkesbiblioteket, har fått jobben som bibliotekar på skulen.
– Vi har slått ned ein vegg og slått saman to rom, det eine stod nesten ubrukt og det andre var mediatek. No har vi eit bibliotek på 130 kvadratmeter. Det er eit privilegium å arbeide på ein skule som satsar på bibliotek. Vi har fått eit godt lokale, men det er ein del hol i boksamlinga som må fyllast, seier Mostraum som også er ein krumptapp i arbeidet med digital skule og er medlem av prosjektgruppa for SIKT-skule (Satsing på IKT).
For alle på skulen
Mostraum fortel at det nye biblioteket har ført til auka bruk både av elevar og lærarar.
– Biblioteket er for alle på skulen, og eg ser at det er blitt meir bruk. Eg får fleire spørsmål og snakkar med elevar som søkjer informasjon. Eg er også ute i klasseromma og tek opp tema med klassane, seier Mostraum som også skal lage eigne internettsider for biblioteket.
Boka har eit langt, langt liv
Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld gratulerte med det flotte biblioteket.
– Læring er vårt ultimate produkt, men det er komplisert. Eit bibliotek er så nær opp til det å lære som eit bibliotek med lagra kunnskap og med profesjonell informasjonsformidlar kan. Det handlar om å vise veg i eit hav av informasjon. Biblioteket er i kjernepunktet av det vi jobbar med. Eg er glad for at vi har politikarar som skjønar dette. Eg trur ikkje vi lukkar døra ved overgang til det digitale. Boka har definitivt eit langt, langt liv. Dei vil leve ved sida av kvarandre på mange område. Boka er heilt uslåeleg. Her har vi fått eit nytt utstillingsvindu, sa opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.

– Vi har eit sterkt politisk fokus på biblioteka, sa leiar Roald Steinseide (litt til høgre på biletet med papir i handa) då heile Opplærings- og helseutvalet i Hordaland deltok under opninga av det nye biblioteket på Askøy vidaregåande skule.