Limet i skulekvardagen

- Er der eit problem i skulen er det vi som må finna ut av det og ordne opp. Omorganiseringa i leiarstrukturen har gitt oss fleire oppgåver utan at meir tid eller pengar følgjer med, seier elevinspektør Stig Hammersland ved Sandsli vidaregåande skule.


Storsamling med kring 70 elevinspektørar, helsesøstre i skulehelsetenesta i vidaregåande skule og leiarar i OT/PPT på Grand hotell Terminus tysdag 29. april.

- Vi er imponerte av det Stig og hans kollegaer gjer med berre halve stillingar. Det burde sjølvsagt vore fulle stillingar for det utruleg viktige arbeidet det gjer for elevane. De skal vita at svært mange elevar set stor pris på arbeidet dykkar, takka leiar Thomas Ornell i Elevorganisasjonen i Hordaland (EO).

Nærkontakt med elevane
Han deltok under storsamlinga saman med kring 70 elevinspektørar, helsesøstre i skulehelsetenesta i vidaregåande skule og leiarar i OT/PPT som opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune arrangerte på Grand hotell Terminus tysdag 29. april.

Hammersland skal yta servis for 600 elevar. I den innhaldsrike ”stillingsinstruksen” finn du hjelp til elevrådet, koordinasjonsansvar for rådgjevingstenesta, ansvar for informasjon og marknadsføring, russefeiringa, OD-dag, Open dag, ansvarleg for fellesarrangement, førebyggjande arbeid, utarbeiding av rutinar og reglement, setje i verk tiltak mot elevar som bryt reglementa og kontaktperson for nærmiljøet med meire.

- Vi har hatt 8-9 utvisningar i år, og har sterkt fokus på å bli kvitt haldningar som at ”Juks er OK”. Elles har vi mange gode døme på ei trygg russsefeiring, men min draum er at russedressen fyrst kjem på 16. mai og at alle eksamener er unnagjort før 17. mai. Slik det er no er russefeiringa svært slitsamt for oss, meiner elevinspektøren ved Sandsli vidaregåande skule.

Tilgjengelege
- Elevinspektørane er lettare å få kontakt med enn rådgjevarane, men dei har for lite tid til elevane. Dei burde minst hatt ei heil stilling på kvar skule. Det ligg utruleg mykje arbeid både i forkant og etterkant av til dømes Operasjon Dagsverk, og elevinspektørane har ei viktig rolle i skulane, understrekar Eva Vik i Ungdommens Fylkesting.

- Svært mange elevar set stor pris på arbeidet dykkar, takka leiar Thomas Ornell i Elevorganisasjonen i Hordaland (EO).

- Rådgjevarane sit med tunge saker på kontora sine, medan vi er dei siste utegangarane etter omorganiseringa av leiarstrukturen, og som elevane difor har mest kontakt med, påpeika Hammersland. Han skal sjølv bli kantinestyrar frå hausten, og får soleis ei 70 %-stilling og endå meir kontakt med elevane.

- Gode på anti-mobbing
- Dagens ungdom er utsett for heilt andre og sterkare krefter som tvingar dei til å ta fleire val på godt og vondt enn det ungdom måtte for 20-30 år sidan. Det ottefulle er at skilnaden på A- og B-laget aukar, mellom dei som meistrar og dei som ikkje meistrar livet og skulekvardagen sin. Difor må vi setje eit sterkare fokus på elevinspektørordninga, sa opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld i sin opningstale.

Han slo fast at elevinspektørane sitt førebyggjande arbeid mot problemåtferd, elevrådskontaktarbeid og haldningsskapande arbeid har mykje av æra for det gode resultatet i ei undersøking om mobbing i Hordaland fylkeskommune sine vidaregåande skular.

Hordaland fylke er også det første i landet til å ha vedteke ein Handlingsplan mot diskriminering av homofile og lesbiske i den vidaregåande skulen. Andre viktige tiltak er Hordalandsmodellen for russefeiringa, fadderordninga mot fråfall i vidaregåande skule, og no er innføring av eit elev- og lærlingeombod til vurdering.

- Eg synest vi har fått ros for jobben vår her i dag, seier Stig Hammersland.

- Den fortener de, kvitterar Vik kjapt.

- Vi har sterkt fokus på å bli kvitt haldningar som at ”Juks er OK”, understrekar elevinspektør Stig Hammersland ved Sandsli vidaregåande skule.

Føredrag av Svein-Erik Fjeld.pdf

 

Tekst og foto: Simon Sortland 30.04.2008 09:58
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart