
Siren Thorsheim, Ingunn Finne og Else Nilsen (f.v.) ved Barneklinikken tek i mot pengegåva frå lærar Anne Lene Berge, og elevane Nolan Pettersen, Sarah Sabir, Nina Ganzha og Vijitha Perinpanathan ved Bergen katedralskole. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Alt sjølv
– Ideen til kalenderen kom frå norsklæraren vår, Anne Lene Berge, men elles har vi gjort alt arbeidet sjølv med fotografering, tekstskriving, layout og trykking, fortel Nolan Pettersen, ein av dei seks elevane.
Tysdag 15. april overrekte elevane og lærar pengane til Barneklinikken ved assisterande klinikksjef Ingunn Finne, som takka varmt og sa at pengane skulle kome barna til gode.
Musikkrom
Før overrekkinga var lærar og elevar på omvising og fekk mellom anna sjå musikkrommet der barna får øve og spele på ulike instrument. Musikkterapeut og kulturkoordinator Siren Thorsheim signaliserte at pengane kan hende kunne nyttast til noko innan musikk for barna, og Nolan Pettersen svarte at dei ikkje ville blande seg borti kva pengane skulle gå til, berre dei går til å glede barna.
Det meste på fritida
Prosjektet med skulpturkalenderen starta i fjor haust, og dei seks elevane på den internasjonale linja brukte tre-fire månader på arbeidet.
– Vi har fått bruke noko av skuletida, men det meste har vi gjort på fritida, fortel Nina Ganzha.
– Vi sette som krav at det skulle vere med skulpturar frå ulike delar av byen, frå ulike epokar og både av mannlege og kvinnelege kunstnarar, fortel lærar Anne Lene Berge. Elevane gjekk ut i gatane og tok bilete av skulpturar, eitt til kvar månad i kalenderen. I tillegg har dei skrive tekstar på engelsk og norsk om kunstnarane og skulpturane. Etter at tekst, bilete og layout var ferdig diggitalt, vart kalenderen trykt på maskin på skulen.
Ringte skulen og ville kjøpe
– I desember gjekk vi rundt i byen og selte kalenderen. Vi har også selt til venner og kjente, og eg fekk selt 10 stykker til familie i USA, opplyser Nolan Pettersen.
– Det var faktisk enkelte som ringte skulen og ville kjøpe kalenderen, fortel læraren.
Totalt selte elevane 136 kalendarar til 100 kroner stykket. Dermed vart summen totalt 13.600 kroner som går uavkorta til tiltak for barna på Barneklinikken.
– Det har vore engasjerande og lærerikt å jobbe med dette, seier dei seks elevane som ikkje har norsk som morsmål ved den internasjonale IB-linja til Bergen katedralskole.