Fråsegna vart vedteken med åtte (H, KrF, Frp) mot sju (Ap, SV, Sp, V) røyster i møte 23. april.
Hordaland fylkesutval meiner at interkommunalt samarbeid bør leggjast til grunn for regionale strategiar for lokalisering av handelsverksemd, som alternativ til fylkesplan/fylkesdelplan.
Kommuneplan
Dersom regjeringa likevel innfører rikspolitiske retningsliner om kjøpesenter, vil Hordaland fylkeskommune uttale følgjande til dei føreslegne retningslinene:
– Retningslinene bør utformast slik at kommuneplanen til eikvar tid skal gjelda for lokalisering og planbehandling innanfor dette feltet.
Universell utforming
Fylkesutvalet går inn for at reglane for universell utforming av offentlege bygg, skal innarbeidast i rikspolitiske retningsliner om kjøpesenter.
Gang- og sykkelstiar
Fylkesutvalet går inn for at gang - og sykkelstiar til kjøpesenter vert prioriterte høgt i rikspolitiske retningsliner om kjøpesenter.
Miljøvenlege energiløysingar
Fylkesutvalet går inn for at krav til miljøvenlege energiløysningar skal innarbeidast i rikspolitiske retningsliner om kjøpesenter.
Mindretal
Mindretalet i fylkesutvalet støtta forslaget frå Arbeidarpartiet som fremja fylkesrådmannen si innstilling. Dette forslaget gjekk mellom anna ut på å gjera vedteken Fylkesdelplan for senterstruktur, service og handel juridisk bindande for ein tidsavgrensa periode gjennom rikspolitiske retningsliner.