Godkjende revidert Nordhordlandspakke

Hordaland fylkesting har vedteke den reviderte søknaden frå Regionrådet i Nordhordland om bompengefinansiering av Nordhordlandspakka fase 1. Vedtaket var gjort med 37 (H, KrF, Ap, Sp, V) mot 19 (FrP, SV, Raudt) røyster.

Fylkestinget går inn for at det lokalt vert arbeidd for å gjennomføra Nyborgtunnelen som bompenge-prosjekt i fase 2 av Nordhordlandspakka når den statlege medfinansieringa til prosjektet er meir avklart.

Med bakgrunn i dei råmene som no ligg inne i forslag til NTP vil fylkestinget be om at Regionrådet for Nordhordland og kommunane i Nordhordland revurderer føresetnaden i bompengesøknaden om minimum 50 % statleg medfinansiering fram mot handsaminga av handlingsprogrammet for NTP 2010-2019 i fylkestinget våren 2009.

Nordhordlandspakka fase ein omfattar prosjekt som er kostnadsrekna til 832 mill. kr (2006-kr). Det er føresett ei samla statleg løyving på 422 mill. kr. Dei største einskildprosjekta er Rv 565 Tolleshaug-Soltveit (Radøy) til 393 mill. kr og E39 Eikåstunnelen (Bergen) til 153 mill. kr. Sistnemnde er planlagt fullt ut finansiert med statsmidlar.

Stanley Hauge 24.04.2008 19:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart