Det er gledeleg at Elkem ASA nyttar den positive marknadssituasjonen for ferrosilisium til å oppretthalda aktiviteten ved Elkem Bjølvefossen i Ålvik. Dette styrkjer verskemda i omleggingsfasen, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Lengre omleggingstid viktig
Det betyr mykje at dei tilsette no vert sikra arbeid eit par års tid lenger enn det som har vore føresett i samband med flytting av hovudproduksjonen frå Bjølvefossen til Island, skriv fylkesordføraren i brev til Elkem ASA 8. april 2008.
Bruk «pusterommet»
Dette er det eit viktig steg for å kunna tryggja arbeidsplassane i Ålvik på lengre sikt. Eg reknar med at Elkem ASA vil bruka «pusterommet» som marknadssituasjonen gjev, til å arbeida vidare for å erstatta og fornya industriproduksjonen ved Bjølvefossen, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg og ynskjer Elkem lukke til med dette viktige arbeidet.