
Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (t.v) saman med Eldsjel 2008, tannlege Kjell Størksen og vinnarane av Arbeidsmiljøprisen 2008, Fitjar vidaregåande skule. Her representert ved rektor Anna Bodil Hestenes Tislevoll, elevinspektør Hilde Førre og hovudverneombod Astrid Bukkøy.
Andre høgdepunkt fekk dei over 100 frammøtte frå den slagkraftige professor Frank Aarebrot, spenstige kulturelle innslag og eit tankjevekkande innslag om integrering i mangfaldsåret frå dagleg leiar Akhenaton Oddvar de Leon i Organisasjon mot offentleg diskriminering.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg heldt opningstalen for den andre arbeidsmiljøarbeidsdagen som HMT-seksjonen ved leiar Ruth Brudvik tok initiativet til i 2006. Ho la sterkt vekt på kor viktig både det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet er for å skapa gode, interessante og trygge arbeidsplassar. At stadig fleire av Hordaland fylkeskommune sine over 4000 tilsette synte frammøtte i Bergen kino torsdag, med over dobbelt så mange påmelde som hausten 2006.
Professor Frank Aarebrot provoserte, inderheldt og gav analysar til ettertanke for dei over 100 frammøtte på Arbeidsmiljødagen 2008.
Fekk passet påskrive
Den alltid like slagferdige og munnrappe professor Frank Aarebrot gjorde eit tilsynelatande dønn kjedeleg føredrag med tittelen ”Arbeidsgjevarrollen i politisk styrte organisasjonar” til ein happening. Både politikarar og leiarar fekk sine pass påskrive i eit humoristisk, provoserande og tankevekkande føredrag. Med hjelp av historiske utviklingstrekk, anerkjende forskingsmodellar og eigne analysar var det nok fleire i salen som fekk ei aha-oppleving eller to.
Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen og fylkesrådmann Paul M. Nilsen svara på spørsmål om arbeidsgjevarrollen i Hordaland fylkeskommune.
Det vart ei god innleiing til samtalen mellom fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen og fylkesrådmann Paul M. Nilsen om arbeidsgjevarrollen i Hordaland fylkeskommune. Under kyndig leiing av BT-journalist Gunnar Wiederstrøm var dei innom tema som varsling, administrasjonsutvalet si rolle, rekrutteringsproblematikken innan tannhelsetenesta og skuleverket, og ikkje minst senior- eller livsfasepolitikk.

Elevar frå 2. klasse dramalina ved Fylllingsdalen videregående skole var eit artig kulturelt innslag.
Klovnerier og alvor
Vinnarane av Miljøprisen 2006 var Fyllingsdalen videregående skole. Torsdag kvitterte 2. klassen på dramalina for denne med eit musikalskhumoristisk innslag med 17 klovnedressa elevar. Dei to komande barne- og ungdomsarbeidarane Armin frå Iran og Rabi frå Marokko serverte etnisk musikk som ei innleiing til Akhenaton Oddvar de Leon sitt føredrag ”Arbeidsmiljø i mangfaldsåret”.
Framtidas barne- og ungdomsarbeidarar, iranske Armin frå Sandviken og Rabi frå Marokko represnterte mangfaldsåret 2008.
- Alle som skal bu i Norge bør lære seg norsk, og det er umogleg å tilpassa seg alle dei tusenvis ulike religiøse og kulturelle skilnadane. Men me treng kunnskap og data for å få til ein betre kommunikasjon og integrering av folk med minoritetsbakgrunn. Dette vil tvinge seg fram dei neste 10-20 år. Til no er det berre Skatteetaten og Smittevernetaten som har teke skikkeleg tak i dette, meinte ein engasjerande de Leon.

Verdige prisvinnarar
Fylkesvaraordførar Nilsen delte ut dei to høgthengande prisane for arbeidsmiljø og eldsjel. Frå Fitjar vidaregåande skule var rektor Anna Bodil Hestenes Tislevoll, hovudverneombod Astrid Bukkøy og elevinspektør Hilde Førre og mottok Arbeidsmiljøprisen 2008 på 20 000 kroner, diplom og blomar. – Denne fortener me, meinte Bukkøy. Rektor kvitterte med at ho aldri hadde funne grunn til å flytta frå ein stad og eit arbeid der ho kjempetrivst.
- Kven skal servere maten på aldersheimane om 10-20 år når mange av bebuarane ikkje likar norsk mat? var eit av fleire tankevekkjande innspel frå dagleg leiar Akhenaton Oddvar de Leon i Organisasjon mot offentleg diskriminering.
Vinnaren av Eldsjel 2008, tannlege Kjell Størksen, omtala seg sjølv som ein eldre fyr med sølv i håret, gull i kjeften, titan i hoftene og bly i ræven. Takketalen til dette muntrasjonsrådet var eit revyinnslag i seg sjølv. Prisen er på 5 000 kroner, diplom og blomar.

Arbeidsmiljødagen samla dobbelt så mange tilhøyrarar i år som ved den første i 2006.
- Arbeidsmiljødagen er i ferd med å bli ein tradisjon, og det er viktig å innimellom ta seg tid til å reise spørsmål om sin eigen personalpolitikk. Det er eit konkuransefortrinn å kunne seie at ein har eit godt arbeidsmiljø, og Hordaland fylkeskommune er ein god arbeidsplass, understreka fylkesrådmannen i si avrunding der han også gav særskild ros til initiativtakarane og innleiarane.

HMT-leiar Ruth Brudvik leia arrangementet med stø hand.
Sunnhordland: Fitjarskule fekk arbeidsmiljøprisen
Sunnhordland: Fitjar fekk arbeidsmiljøprisen
Bergens Tidende: Krydder i skulekvardagen
BA: Priser arbeidsmiljø
Program Arbeidsmiljødagen 2008
Sida kontrollert juli 2010