Forhandlar om E39 Rådal-Svegatjørn

Finansiering av E39 Rådal- Svegatjørn står på dagsorden i Samferdselsdepartementet når statssekretær Hege Solbakken i dag møter ein sterk Hordalandsdelegasjon med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i spissen. Møtet starta kl. 13.00.

I Hordalandsdelegasjonen som møter Samferdselsdepartementet er også byrådsleiar Monica Mæland, Os-ordførar Terje Søviknes, Arne Falck-Nilsen frå StatoilHydro, fylkesrådmann Paul M. Nilsen, fylkespolitikarane Bente Bondhus (Sp) i Nasjonal rassikringsgruppe og Eli Årdal Berland (H) som er styreleiar i Bergen-Os Bompengeselskap AS.

Spleiselag med næringslivet
E39 Rådal-Svegatjørn med Rådalskrysset er eit høgt prioritert prosjekt på E39 Kyststamvegen mellom Bergen og Sunnhordland/Stavanger.

- Eg er svært oppmuntra over at næringslivet melde seg på spleiselaget for å få på plass nødvendige midlar til å starte arbeidet med Rådalskrysset og E39 Bergen-Os. Møtet i dag er ei vidareføring av arbeidet me initierte etter vårt breitt samansette møte i februar for å drøfte finansiering og gjennomføring av den nye stamvegen, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
No har ho saman med Bergen og Os kommunar og representantane for næringslivet på Kokstad/Sandsli kome i forhandlingsposisjon med regjeringa og Stortinget for å få på plass nødvendige stamvegmidlar.

Kampklar region
Fylkesordføraren har merka seg den sterke interessa hos næringslivet på Kokstad/Sandsli for å få realisert det nye Rådalskrysset som ein del av den nye stamvegen til Os. Med denne kryssløysinga vil trafikken til/få Flesland og Kokstad/Sandsli kunne gå utanom det trafikkbelasta området ved Lagunen.

– Med den usikre finansieringa dette prosjektet har i dag, er vi svært oppmuntra over at næringslivet melder seg på spleiselaget for å få på plass nødvendige midlar til å starte opp arbeidet med Rådalskrysset og stamvegen til Os, sa fylkesordføraren i februar. På februarmøtet var sentrale politikarar i Hordaland fylkeskommune, Bergen og Os kommunar, LO, NHO, Bergen Næringsråd, Avinor, StatoilHydro, BKK og Hansa-Borg samla.

Kontaktperson:
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – dir.) 55 23 90 11  /  mob.) 915 22 733

Simon Sortland 17.04.2008 14:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart