EU prosjekt opnar nye satsingsområde for handverksbedrifter i Hordaland

Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Canada, Færøyane, Nord Irland, Irland og Island lanserte 10. april EU-prosjektet Economusee - Northern Europe. Prosjektet tek sikte på å utvikla handverkbedrifter i desse regionane etter Economusee-modellen frå Queb

Minister for arbeid og velferd i provinsen Quebec, Sam Hamad (t.v.) og leiaren av Kultur- og ressursutvalet i Hordaland, Helge Andre Njåstad, gratulerer kvarandre med det nye prosjektet.
Minister for arbeid og velferd i provinsen Quebec, Sam Hamad (t.v.) og leiaren av Kultur- og ressursutvalet i Hordaland, Helge Andre Njåstad, gratulerer kvarandre med det nye prosjektet. (Foto: Ronny Skaar)

Stor suksess i Canada
Med denne modellen kan me ta vare på og vidareføra kulturhistoria og tradisjonane våre inn i framtida. Handverksbedriftene i nettverket kombinerer produksjonen med utstilling, historisk formidling og sal av eigne produkt. Konseptet har vore ein stor suksess i Canada, og bedriftene som inngår i nettverket av ekonomuseum, melder i stor grad om auka verdiskaping (www.economusees.com). Det er store forventningar til gode resultat også i Nord-Europa, spesielt når Canada er med som partnar og støttar opp med sine erfaringar.

Canadisk regjering stolt over arbeidet
På lanseringa, som vart halden i parlamentet i Quebec, deltok arbeids- og velferdsminister Sam Hamad frå provinsen Quebec og representantar frå dei seks partnarane i EU-prosjektet. Hamad la vekt på den økonomiske tydinga av economuseumsnettverket og understreka at regjeringa var stolt over det arbeidet som vert gjort innanfor denne organisasjonen. Lanseringa har fått brei omtale i canadiske media.
 
Spanande og innovativ ide
Leiar for kultur- og ressursutvalet i Hordaland og ordførar i Austevoll, Helge Andre Njåstad, står i spissen for den norske delegasjonen.
– Gjennom konseptet Economuseum, har ein her i Quebec utvikla ein spanande og innovativ ide, ein ide som kan ha uvurderleg verdi også for oss i ”den gamle verda”. Det er derfor ei stor gleda at regionar i Nord-Europa og Canada no kan samlast i eit felles arbeid for å sikra noko av det beste og mest verdfulle i vår felles kulturarv for framtidige generasjonar; kunnskapen om og resultata av våre henders verk, sa Njåstad.

Fire verksemder plukka ut i Hordaland
I Hordaland vil i fyrste omgang fire verksemder bli plukka ut til å bli med i prosjektet. Hordaland fylkeskommune vil invitera alle kommunane til å koma med innspel på aktuelle bedrifter. Desse bedriftene vil få faglege råd frå Canada og inngå i forum med bedrifter frå dei andre partnarskapsregionane.

12,8 millionar kroner
Prosjektet er støtta av EU sitt Nordthern Perefri-program. Prosjektet har ei total kostnadsramme på nesten 12,8 millionar kroner i utgreiingsfasen som strekkjer seg over tre år. Hordaland fylkeskommune har rolla som lead-partnar i prosjektet.

Lenkjer til omtale i canadisk presse:

http://www2.canoe.com/divertissement/arts-scene/nouvelles/2008/04/10/5251461-ca.html

http://www.emb-norway.ca/culture/news/ECONOMUSEUM.htm

http://www.cnw.ca/fr/releases/archive/April2008/10/c3979.html

http://www.cyberpresse.ca/article/ 20080410/CPSOLEIL/80410222/6787/CPSOLEIL’

http://argent.canoe.com/communiques/cnw.html? lang=fr&id=20080409174600SE

11.04.2008 15:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart