Ber regjeringa leggja nytt kriminalomsorgsdirektorat til Bergen

Hordaland fylkeskommune oppmodar regjeringa om å leggja det nye kriminalomsorgs-direktoratet til Bergen. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg trekkjer i brev til justisministeren fram ei rekkje føremoner Bergen har som lokaliseringsstad for det nye direk

I brevet viser ho til at:

· Bergen har eit etablert apparat innan kriminalomsorga som gjer at eit nytt direktorat kan byggjast raskt opp her.
· Dette apparatet har i dag etablert eit nært samarbeid med viktige samarbeidsaktørar som Helse Bergen og Universitetet i Bergen. Eit slikt nettverk er ein føresetnad for å sikra det faglege innhaldet i direktoratet.
· Bergen har god tilgang til kvalifisert personell. Det vil difor vera lett å skaffa stabil og kompetent arbeidskraft, og regionen vil få tilført fleire kompetansearbeidsplassar.
· Sjølv om eit direktorat vil ha relativt få arbeidsplassar, vil det ha store regionale konsekvensar. Dette både i form av utvikling av spisskompetanse innan fagmiljø i til dømes forsking og helseinstitusjonar, og gjennom at eit direktorat vil kunne føra til etablering av næringsverksemd som arbeider opp mot direktoratet.

I samsvar med regjeringa sine mål
Plassering av det  nye direktoratet i Bergen vil vera i tråd med regjeringa si målsetjing om at ny statleg verksemd skal plasserast utanfor Oslo, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Ut frå Bergen sine føremoner vil ei lokalisering her også vera i samsvar med regjeringa sine kriterium om at den nye verksemda skal bidra til å styrkja alt etablerte regionale nærings-, kompetanse- og forvaltingsmiljø, seier fylkesordføraren.

Vestlandsrådet
Fylkesordførar Selsvold Nyborg trekkjer i brevet også fram at Vestlandsrådet samrøystes har gått inn for å lokalisera eit nytt direktorat for kriminalomsorg til Bergen. Vestlandsrådet har vist til at eit slikt direktorat vil vera viktig for heile Vestlandet.

Stanley Hauge 03.04.2008 13:52
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart