
God tone då samferdselssjef Magnus Vestrheim overrakte kake til 50-årsjubilanten og leiar av Samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune, Gustav Bahus (t.h), i fylkeskantina onsdag.
Han gomlar konfekt, gliser og blinkar lurt. Og det er smittsamt. Gustav Bahus får folk i godt humør.
- Me har ein god tone i samferdselsutvalet, med greie diskusjonar om me er usamde i sak. Å ha eit godt klima avheng mykje av leiaren, og Gustav har både godt humør og ein del leiareigenskapar som bidrar sterkt til dette, rosa nestleiar Einar Lutro (H). Han la til at kollegaene ville setje pris på han utan at det førte til overskridingar på budsjettet.
- Eg opplever Gustav som ein veldig open og tillitsfull politisk leiar. Han heng ikkje over administrasjonen når me utarbeidar sakene, og kommunikasjonen oss i mellom går veldig greitt. Me veit han er ein veteranbilentusiast, men vil likevel gi han eit splitter nytt Skyss-kort slik at han kan ta bussen. Alle veit han likar sjokolade, så difor overrekker me deg også ei eska med konfekt, takka samferdselssjef Magnus Vestrheim.
- Me må ikkje ta os sjølv så høgtidleg sjølv om det er alvorlege saker me handsamar. Eg legg opp til ein lett tone, og det ser ut til å gå bra, seier Gustav Bahus. Han er inne i sin andre periode som leiar av Samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune.
50-årsfeiringa var eit velkome avbrekk frå dei tunge sakene i utvalet, mellom anna Nasjonal Transportplan og Jondalstunnelen.
Gratulera med dei 50, Gustav!
BT.no: Bakmannen fra Os