7. – 9. september vert det stor matfestival på Bryggen i Bergen. Her finn du Bønder i Byd’n, Sjømat for alle og tørrfiskfestivalen Stoccafisso samla på eitt serveringsfat.

I år vert eit prøveår for å sjå korleis ein kan utvikla eit slik samarbeid meir permanent.
Det er Hordaland fylkeskommune som saman med byen Genova, Bergen kommune og Nordland fylkeskommune står bak Bergen internasjonale Stoccafissofestival 2007. Festivalen er eit regionalpolitisk samarbeid mellom historisk produksjonsstad i Nord-Noreg, marknadsplassen Bergen og vår viktigaste konsumentnasjon for norsk tørrfisk gjennom meir enn 1000 år, Italia.
Nettsida til Stoccafissofestivalen
Detaljert program Bergen Matfestival (pdf)