Tide Buss tildelt bussrutene i Hardanger og på Voss

Hordaland fylkeskommune sparar 30 millionar kroner årleg etter å ha tildelt Tide Buss AS drifta av bussrutene i Hardanger og på Voss frå 16. august 2008 og fram til 15. august 2015.

Dette er den tredje og fjerde bussrutepakka i Hordaland som er tildelt etter anbodsprinsippet.

Tildelingskriterium
Fylkesrådmannen har vurdert tilbydarane i høve til ei rekkje tildelingskriterium som var med i anbodsgrunnlaget som pris i anbodsperioden, kvalitetssikringssystem og miljøkrav. Evalueringa av anboda har synt at det er svært liten skilnad mellom dei to beste tilbydarane.

Pris vesentleg
Pris har vore vesentleg for val av leverandør, men fylkesrådmannen presiserer at det er lagt ei totalvurdering til grunn med omsyn til kva tilbod som er det økonomisk mest fordelaktige for fylkeskommunen.
Ved tildelinga av anbodet vart Tide Buss AS valt, som var tilbydaren med lågast pris. Deira tilbod var på 129,99 millionar kroner medan det dyraste var på 157,5 millionar kroner. Prisen per rutekilometer varierte med mellom 23 og 29 kroner.

Veolia Transport Sør, Nettbuss Sør, Concordia Bus AS og Fjord 1 Sogn Billag var dei fire andre som leverte inn anbod.

Universell utforming og miljøvenlege
Ein stor del av bussane vil vere nye ved oppstart på anbodet. Bussane blir levert med miljøvenlege Euro 4/5 motor eller EEV-motor som gir lågare utslepp.

Sjuårsperiode
Driftsperioden tilboda gjeld for, er sju år frå 16. august 2008 til midten av august 2015. ”Voss og Hardanger-pakkane” omfattar bussrutene i kommunane:
Etne, Tysnes, Fusa, Samananger, Kvam, Jondal, Voss, Ulvik, Granvin, Ullensvang, Eidfjord, Odda og Kvinnherad.
Det gjeld om lag 5,48 millionar rutekilometer per år og omfattar all ruteproduksjon inkludert skuleskyss. Hordaland fylkeskommune har opsjon på fornying i eit år til.

Bjarte Brask Eriksen 24.09.2007 14:11
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart