Erfurt-delegasjonen leia av borgermester Tamara Thierbach (t.h) saman med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Til venstre elevane sin kontaktperson i Erfurt, Isabell Danker. Bak frå venstre: Gerald Eckardt og Carsten Pohlemann frå Andreas Gordon Schule, byråd Werner Ungewiss og Herr Schultz.
- Eg er stolt over kva vi saman har fått til på så kort tid. Det er imponerande at vi no skal sende åtte elevar i den vidaregåande skulen til Erfurt, og vi gler oss til å følgja utviklinga vidare der me også knyttar venskapsbånd på fleire plan. Ein lukkeleg start, og vi ser fram til det gode samarbeidet vidare, helsa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til delegasjonen frå Erfurt.
Åtte elevar frå Hordaland vil frå hausten 2007 få høve til å vere fulltidselevar på to/tre videregående skular i Erfurt. Elevane vil ha yrkesfagleg bakgrunn og vere på årsnivå Vg2, det vil seia 17-åringar. Erfurt skaffar hybel og kontaktlærar til dei elevane som vert utplasserte. Hordaland fylkeskommune betalar for elevane, for skulepengar og sørgjer for naudsynte forsikringar og helsetenester ved utreise. Den norske arrangørskulen er Askøy vidaregåande skule, og dei har ein kursleiar som skal følgje opp elevane.
Viktig samarbeid
- Dette er ein avtale mellom mennesker, og ikkje berre ein papirkontrakt. Vi ser fram til at åtte unge mennesker frå Bergen i sju månader skal leve eit heilt normalt liv med oss i Erfurt.Vi kjenner oss vel her i Bergen, som er ein by lett å bli kjend med. De er særs velkomne til å vitja oss når tid som helst, takka borgermester Tamara Thierbach.
- Samarbeidet med Erfurt er ein viktig tilvekst til det vidaregåande utdanningstilbodet i Hordaland. Då Tyskland er ein av våre viktigaste samarbeidspartnarar i Europa, og på mange ulike plan, er dette ein gamal draum gått i oppfylling for Opplæringsavdelinga, seier opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld. Han peika på at eit liknande samarbeid med Cardiff i Wales har bore gode frukter, og vonar at dei no vil dyrka Erfurt-samarbeidet i mange år framover.
Forpliktande
Elevene forpliktar seg til å følgje dei lokale skoleplanane, også utplassering i bedrift, og den undervisninga som Hordaland fylke tilbyr i Tyskland i dei faga som er naudsynte for å oppnå seinare studiekompetanse/fagbrev. Elevane som nyttar seg av dette tilbodet, vil ta skuleåret som fullverdig Vg2-nivå.

Det vil seie at dei kan gjennomføre den videregåande skulen etter modell ”2+2”, to år på skule og to i bedrift. Samstundes får dei verdfull internasjonal innsikt og kunnskapar. Undervisninga vil vere på tysk, og elevene må kommunisere på tysk.
Hordaland fylke sørgjer for naudsynt kursing gjennom intensivkurs i tysk språk og samfunnsliv før utreise. Opptaket vart gjort av Hordaland fylkeskommune saman med Askøy vidaregåande skule. Ved slutten av skuleåret vil elevane få vitnemål frå sin tyske skule og kompetansebevis for Vg2 frå den norske arrangørskulen.
Herr Carsten Pohlemann representerte rektor frå Andreas Gordon Schule og hadde med seg ei gåve til fylkesordføraren.
I dei komande åra vil partane arbeide for å byggje vidare på dei gode relasjonane som alt er oppnådde og videreutvikle eit gjensidig program for elev- og regionsutveksling.
- Dette er ein viktig start for oss, å kunne senda elevar til Bergen, understreka byråd Werner Ungewiss.
På programmet i Bergen stod forutan offisielle samkome besøk på Askøy vidaregåande skule, møte med foreldra til dei norske elevane, besøk i ein musikkbarnehage og omvisning på Statoil Mongstad.