Fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup helsa ordførarane og andre inviterte gjester velkomen til den offisielle opninga av parken ved kunsthuset Kabuso og Ingebrigt Vik-museum i Øystese.
Klassisk og stilrein park mellom Kabuso-senteret og Ingebrikt Vik Museum i Øystese.
Ho understreka at parken skal vera ein arena for kunst og kulturaktivitetar. Eigedomssjef Helge Haavardtun i fylkeskommunen ordet for å offisielt overrekkje parken til nær tre millionar kroner til politikarane.
Praktfull heilskap
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg stod så for den offisielle opninga. Ho la vekt på at det ikkje var tilstrekkeleg at Kabuso-bygget i seg sjølv var spenstig. Også den nære omgjevnaden måtte innlemmast, og det måtte knytast saman med det vakre bygget som husar Ingebrigt Vik-samlinga.
- Med denne parken er arbeidet med Hordaland fylke sin tusenårsstad brakt til endes. I tillegg til Ingebrigt Vik sine uttrykksfulle skulpturar, vil parken gje rom for utstillingar av skulptur og installasjonar i forlenginga av det Kabuso formidlar innomhus. Også andre aktivitetar kan finna stad her. Parken skal vera ein levande stad, der alle er velkomne og kan finna rom for ro, refleksjon og oppleving.
Fylkesordføraren takka så i tur og orden alle støttespelarar - private, lag, organisasjonar og næringslivet. Ikkje minst BKK og Hordaland Vegkontor som høvesvis sette av ein halv million og 200.000 kroner.
Lokale lag og organisasjonar som har gjeve pengegåver er Øystese Røde Kors, Øystese kvinne- og familielag, Øystese pensjonistlag, Øystese sanitetslag og Kvam hagelag.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og Kvam-ordførar Astrid Farestveit Selsvold saman med inviterte gjester til opninga av Kabuso-parken.
Gruppa som har arbeida med uteområdet er Lasse Djupevåg, Gunnbjørg Austrheim, Harald Lussand, Kjersti Krokeide, Jofrid Fagnastøl, Silje Aksnes og Arild Berge. Rådgjevarar har vore Multiconsult A/S ved Silje Aksnes og Siggeir Torpe, og anleggsgartnar Svein Boasson.
Kulturkommunen Kvam
- Kvam er den fremste kulturkommunen i landet, og me har mykje å syna fram. Eg vil takka alle bedrifter, lag og organisasjonar som med sin innsats og pengegåver har bidrege til ferdigstillinga av parken, sa ordførar Astrid Farestveit Selsvold i Kvam herad.

Ho var også glad for at fylkeskommunen har lytta til deira krav i denne prosessen. Me står att med eit praktbygg i Kabuso-senteret, både for Øystese, Kvam og heile Hardanger, understreka ho. Kvam herad som har teke på seg å stå for drift og skjøtsel av parken.
Deretter fekk gjestelyden ei spennande orientering om Damien Hirst-utstillinga.
Landskapsarkitekt Siggeir Torpe frå Multiconsult AS orienterte litt om prosjekteringa og arbeidet med parken. Han la vekt på at det var viktig å få den klassisk og stilrein, nøktern, grøn og frodig, samt veleigna som skulpturpark.
- Eg meiner me har teke vare på kvalitetane på staden og lagt opp til utviklingsmoglegheiter. Den nye parken er også tilpassa bygningane, kunstsenteret og Ingebrigt Vik-museet. Ein god og tenleg park, konkluderte Torpe.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og Kvam-ordførar Astrid Farestveit Selsvold saman med landskapsarkitekt Siggeir Torpe frå Multiconsult A/S.
Fylkesordføraren sin tale ved opninga av parken