Sjømatkonferansen 2007

Den 9. oktober 2007 vert Sjømatkonferansen arrangert for sjuande gong. Sjømatkonferansen er ein nasjonal fagkonferanse for sjømat og har i år hovudfokus på helse, sunnheit og ernæring.

Tema for dei tre sesjonane er forskning på helseeffektar av sjomat, produkttrendar; og born og unge som framtidas forbrukarar. Det vert halde mange foredrag med høgt fagleg nivå. Mest kjent av foredragshaldarane for folk flest er nok Arne Hjeltnes som no er kommunikasjonsdirektør i Marine Harvest.

Eit mål for Sjømatkonferansen er å stimulere næringa til å ta i bruk den aukande kunnskapen om dei positive eigenskapane til bærekraftig og sunn sjømat. Sjømatkonferansen henvendar seg til daglegvarebransjen, produksjonsnæringa, sjømataktørar; og hotell-, restaurant og cateringmarknaden.

Sjømatkonferansen 2007

I samband med Sjømatkonferansen og ”Sjømat for alle” er det organisert publikumsaktivitetar utover hausten på kjøpesentre, Akvariet og på Matfestivalen i Bergen. 

Program for Sjømatkonferansen kan lastast ned på:
http://www.fiskeriforum.no/
http://www.hordaland.no/marin

Jan Hausken 11.09.2007 15:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart