Rekorddeltaking på viktig næringskonferanse

Samferdslestatsråd Liv Signe Navarsete var blant dei 560 deltakarane på næringskonferansen på Mongstad der samferdsle, CO2-reinsing og framtida for industrien stod sentralt.

Nordhordland handverk- og industrilag (NHIL) hadde sydd saman eit spennande og interessant program til næringskonferansen i idrettshallen til Statoil Mongstad tysdag 4. september.

Med kommune- og fylkestingsvalet rett om hjørna hadde også fleire stortingsrepresentantar, fylkes- og kommunepolitikarar saman med næringslivsfolk og skuleelevar funne ut at dette var vel verdt å bruka ein dag på.

Formann i NHIL, Lars Hellandsjø,overrekkte statsråd Liv Signe Navarsete den første togbilletten for strekninga Bergen-Mongstad. 

Visjonar
Formann i NHIL, Lars Hellandsjø, ynskte velkomen og presenterte ein framtidsvideo med bybane frå bergen til Mongstad. Han avrunda med å overrekkja statsråd Navarsete den første togbilletten for strekninga Bergen-Mongstad. Strilen: Første togbillett til Statsråden      

Fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg tok for seg ringverknadane av investeringar på kring 100 milliardar kroner dei neste 10-15 åra med CO2-reinseanlegg, kraftvarmeverk, Troll vidareutvikling og andre prosjekt innan olje- og gassindustrien.

Ho understreka at me må bli flinkare å marknadsføra oss sjølve, og synte fylkeskommunen sin nylaga profileringsfilm for Bergen- og Hordalandsregionen. Med all den aktiviteten som vil koma dei neste 20 åra er det ikkje utenkjeleg at ein liten by kan veksa opp kring Mongstad, meiner Nyborg.

Fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg påpeika at regionen vår sender ein millard kroner til Oslo kvar tredje dag året rundt. Nordhordland: Ser for seg Mongstad-byen

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (SP) tok for seg regjeringa sin samferdslepolitikk, utan å koma med konkrete lovnadar til Nordhordland. Men der var ein del andre utspelVestlandet kunne gle seg over. Byråd Lisbeth Iversen tok for seg Bergensprogrammet.

Direktør Bjørn KåreViken på Statoil Mongstad tok for seg kva moglegheiter CO2-reinsinga vil kunne få for bergensregionen. Sogn og Fjordane fekk også eit lengre innlegg der dei fortalde om både nedlegging og framvekst av industri i Årdal.

 

Fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) i Sogn og Fjordane, Øyvind Halleraker (H) og Olav Akselsen (Ap) (t.h) bidrog til ein engasjerande paneldebatt.

Konferansen vart avrunda med ein paneldebatt leia av BT-journalist Per Jon Odeen med tittelen ”Vestlandet om 15 år”. Her deltok stortingsrepresentantane Olav Akselsen (Ap), Gjermund Hagesæter (Frp), Øyvind Halleraker (H),  fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg (KrF) og kollega frå Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal og fylkestingsrepresentant Harald Hove (V).

Ei engasjerande oppsummering av konferansen der bodskapen var å tenkja stort og søkja samarbeid stod adm.dir Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane for.

Stortingsrepresentant Olav Akselsen (Ap) tok for seg korleis me skal klara å få langvarige verknadar av investeringane våre.  


Ringverknader av komande investeringar
Program for næringskonferansen
Føredraget til samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Statssekretær Anita Utseth om CO2-testsenteret

Simon Sortland 06.09.2007 14:01
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart