Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og jernbanedirektør Steinar Killi
Jernbanedirektør Steinar Killi gav elles ros til politikarane og samferdselsavdelinga for rett satsing og arbeidsmåte i prosjektet Nye Vossebanen.
Killi kom saman med infrastrukturdirektør Jon Frøisland og regiondirektør Lars Stendal til møtet på fylkeshuset torsdag. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, samferdslesjef Magnus Vestrheim og rådgjevar John Martin Jacobsen møtte for fylket. Frå Bergen kommune møtte politisk rådgjevar Filip Rygg medan ordførar Øyvind Olsnes møtte for Vaksdal kommune og Harald Skårnes for NSB.
To milliardar kroner
På dagsorden stod oppdatering og avklaring av partane sine posisjonar med omsyn til Transportanalysen for Bergensområdet, Nye Vossebanen, dobbeltspor Bergen-Arna og om eigarskap til stasjonar og terminalar.
Som kjend er prosjektet Nye Vossebanen kostnadsrekna til 2 milliardar kroner og skal etter prosjektet stå ferdig innan 2019. Då skal reisetida vere under ein time med lokaltog mellom Bergen og Voss.
- Både Jernbaneverket og NSB er positive til prosjekta med føresetnad at politikarane skaffar pengane, og utbyggingstempoet står på dei årleghe løyvingane, uttala Killi.
Han la til at måten Hordaland fylkeskommune og dei involverte kommunane har utarbeidd eit samlande forslag er den betse måten å arbeida på.
- Auka kapasitet, auka kollektivandel og klimatiltak er det som ligg inne i satsinga på jernbanen. Med auka fokus på godstrafikk, tre krysningsspor og nærtrafikken i dei store byane er det klart at Jernbaneverket vil fagleg understøtta prosjektet Nye Vossebanen, understreka jernbanedirektøren.

Jernbanedirektør Steinar Killi, regiondirektør Lars Stendal og infrastrukturdirektør Jon Frøisland møtte fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Oppklarande
Løyvinga på 20 millionar kroner gitt i Statsbudsjettet 2007 til dobbeltspor Bergen-Fløen er ikkje utsett eller fjerna, slik det er blitt hevda. Det er blitt vurdert kortsiktige tiltak, som inn- og utkøyringar frå godsterminalen, i tråd med prosjektet som kunne føra til denne mistydinga. Om ikkje dei 20 millionane vert brukt i 2007, vert dei vidareført til neste år, lova Stendal.
- Eit positivt og oppklarande møte, meinte fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.