Positiv til Nordhordlandspakka, men vil ha revidert søknad

Fylkesutvalet er positiv til Nordhordlandspakken – fase 1 og meiner at den lokale semja er tilstrekkeleg til å kunna tilrå søknaden. Samstundes vil fylkesutvalet be om at det lokalt vert arbeidd vidare med bompengesøknaden og at ein eventuell revidert søk

Tilrådinga i fylkesutvalet er gjort med 10 (3 Ap, 3 KrF, 1 Sp, 1 V,  2 H) mot 5 (2 SV, 3 Frp) røyster.

Høgre røysta primært for fylkesrådmannen sitt forslag, men støtta subsidiert innstillinga frå samferdselsutvalet.

Innstillinga til fylkestinget er slik:
«1. Fylkestinget er positiv til Nordhordlandpakken – fase 1, som eit initiativ til delvis bompengefinansiering av aktuelle vegtiltak i Nordhordland.

2. Fylkestinget merkar seg brevet frå Statens vegvesen datert 06.09.2007, der det vert reist spørsmål ved om den lokale semja er stor nok og nytteprinsippet er godt nok ivareteke til at bompengesøknaden kan tilrådast.  Etter fylkestinget si meining er den lokale semja tilstrekkeleg til å kunna tilrå søknaden, då 6 av dei 7 kommunane støttar han.  Desse kommunane representerer nær 80% av innbyggjarane i Nordhordland.

3. Fylkestinget ser det som viktig for regionen at Nordhordlandspakken – fase 1vert realisert, og legg til grunn at det lokalt vert arbeidd vidare med bompengesøknaden i samarbeid med fylkeskommunen og Statens vegvesen for å avklare kva som kan gjerast for å ivareta nytteprinsippet på ein god nok måte.

4. Fylkestinget vil be om å få ein eventuell revidert søknad til handsaming i løpet av hausten/vinteren 2007/2008.»

Fylkestinget tek avgjerd i saka på møte 16. oktober.

Høgre-forslag
I fylkesutvalet fremja Tom-Christer Nilsen (H) fylkesrådmannen sitt forslag.
«1. Fylkestinget er positiv til Nordhordlandspakken – fase1, som eit initiativ til delvis bompengefinansiering av aktuelle vegtiltak i Nordhordland. 

2. Fylkestinget kan ikkje tilrå bompengesøknaden for finansiering av Nordhordlandspakken – fase1, og viser til manglande lokal oppslutnad. Fylkestinget meiner og at opplegget med bomstasjon kun på E39 Nordhordlandsbrua ikkje godt nok ivaretek omsynet til nytteprinsippet ved bompengeinnkreving.

3. Fylkestinget legg til grunn at det lokalt vert arbeidd vidare med bompengesøknaden i samarbeid med fylkeskommunen og Statens vegvesen, og at denne eventuelt på ny vert lagt fram for fylkestinget i samband med handsaminga av handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan 2010-2019.»

Forslaget fekk fire røyster (2 H og 2 SV). SV støtte subsidiert dette forslaget etter at SV/Frp sitt fellesforslag fall.

SV-Frp-forslag
Bjørn Lothe (SV) sette fram slikt forslag på vegner av SV og Frp:
«1. Fylkestinget er positiv til Nordhordlandspakken sine tiltak.

2. Fylkestinget kan ikkje akseptera finansiering med bompengar, og meiner det er eit statleg finaniseringsansvar å realisera Nordhordlandspakken.

3. Fylkestinget legg til grunn at det lokalt vert arbeidd vidare med desse vegprosjekta i samarbeid med fylkeskommunen og Statens vegvesen, og at prosjekta vert lagt fram for fylkestinget i samband med handlingsprogrammet til Nasjonal Transportplan 2010-2019.»

Dette forslaget fekk 5 røyster (3 Frp, 2 SV).

Stanley Hauge 20.09.2007 13:36
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart