Nasjonal digital læringsarena opna av statsminister Stoltenberg

Onsdag 26. september vart Nasjonal digital læringsarena, NDLA, lansert av statsminister Jens Stoltenberg. NDLA er eit samla fylkeskommunalt prosjekt og leverer på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, fritt tilgjeng

Nasjonal digital læringsarena - gratis læremiddel for elevar i vidaregåande skule – er eit fellesinitiativ frå fylkeskommunane som har som føremål å etablere fritt tilgjengelege læremiddel for alle faga i den vidaregåande opplæringa. Nasjonal digital læringsarena (NDLA) skal gi fri tilgang til digitale læremiddel til bruk i vidaregeande opplæring. Dette skal skje gjennom etablering av fagnettstader for alle fag i vidaregåande opplæring.

Auka mangfald
- Nasjonal digital læringsarena skal bidra til å auke mangfaldet av digitale læremiddel til bruk for elevar og lærarar i den vidaregåande skulen. Sjølv om dei nettsidene som har blitt lansert i september ikkje på langt nær dekkjer den faglege og metodiske breidda og funksjonane som er tiltenkt ved utgangen av skuleåret 2007/2008, trur vi at det som her blir presentert er ein god start på eit spennande utviklingsarbeid, skriv prosjektkoordinator Liv Heidrun Skaar Heskestad i Rogaland fylkeskommune.

Illustrasjonsfoto: Oddmund Lunde

Det første lærestoffet knytt til læreplanmål er klart for faga norsk, naturfag og helse- og sosialfag, Vg1. Innhaldet er utvikla av ulike forlag og lærarar i vidaregåande opplæring.

Hordaland juridisk ansvarleg
Prosjektleiar Øivind Høines vert friikjøp av NDLA ut frå si stilling som leiar for regional IKT utvikling, Hordaland fylkeskommune. Han var sentral i utforminga av fellesøknaden for NDLA. Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld i Hordaland fylkeskommune er styreleiar for NDLA.

Fylkesutvalet i Hordaland vedtok sist veke samøystes å tilrå fylkestinget å slutta seg til innhaldet i og organiseringa av prosjekt Nasjonal Digital Læringsarena, NDLA, for perioden frå 01.03.2007 til 01.01.2009. Hordaland fylkeskommune står som juridisk ansvarleg for NDLA, på vegner av dei andre fylkeskommunane som er tilslutta prosjektet. Fylkestinget vil understreka at målet må vera at nynorsk- og bokmålsversjonar av programvarer skal føreliggja samstundes.

NDLA har klar fagleg forankring i eigen skulekvardag. Prosjektet er no i ein tidleg utviklingsfase. Ved utgangen av 2007 skal NDLA tilby faginnhald som dekkar måla i læreplanen for helse- og sosialfag, norsk og naturfag for Vg1. Nord-Trøndelag har ansvaret for redaksjonen for helse og sosialfagene ved Norsk eLæring.

Stasminister Jens Stoltenberg og kunnskapsminister Øystein Djupedal ønskjer velkomen på nettsidene.

Lanseringsbrosjyre
Meir om NDLA
Samandrag fylkesutvalet 20.09.07

 

 

 

Simon Sortland 27.09.2007 11:01
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart