Modalen-Eksingedalen Billag AS skal framleis køyre buss i Modalen og Vaksdal

Modalen-Eksingedalen Billag AS vann anbodskonkurransen om drift av bussrutene i Modalen og Vaksdal for sjuårsperioden frå 16. august 2008 til 15. august 2015.

Bussar frå Modalen-Eksingedalen Billag AS skal framleis trafikkere i Modalen og Vaksdal.
Modalen-Eksingedalen Billag AS skal framleis køyre buss i Modalen og Vaksdal. (foto: Stanley Hauge)

Dette er den  femte bussrutepakka i Hordaland som er tildelt etter anbodsprinsippet.

Tildelingskriterium
Fylkesrådmannen har vurdert tilbydarane i høve til følgjande tildelingskriterium i anbodsgrunnlaget: Pris i tilbodsperioden, kvalitetssikringssystem og miljøkrav. Evalueringa av anboda har synt at det er svært liten skilnad mellom dei to beste tilbydarane.

Pris vesentleg
Pris har vore vesentleg for val av leverandør, men fylkesrådmannen presiserer at det er lagt ei totalvurdering til grunn med omsyn til kva anbod som er det økonomisk mest fordelaktige for fylkeskommunen.

Lågast pris
Ved tildelinga av anbodet vart Modalen-Eksingedalen billag valt, som var tilbydaren med lågast pris. Deira anbod var på 9,795 millionar kroner medan det dyraste var på 10,75 millionar kroner pr. år. Prisen per rutekilometer varierte med mellom 30 kroner og 33 kroner.
Tide Buss, Veolia Transport Sør, var dei to andre som leverte inn anbod.

Universell utforming og miljøvenlege
Alle  bussane vil vere nye ved oppstart på anbodet. Bussane blir levert med miljøvenlege Euro 4/5 motor som gir lågare utslepp.

Sjuårsperiode
Driftsperioden anboda gjeld for, er sju år frå 16. august 2008 til midten av august 2015. Anbodet  omfattar all ruteproduksjon inkludert skuleskyss. Hordaland fylkeskommune har opsjon på fornying i eit år til.

Bjarte Brask Eriksen 24.09.2007 14:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart