Valdeltakinga ved fylkestingsvalet i Hordaland i år var 60,45 % – vel 2,0 % meir enn i 2003. Valdeltakinga er den høgaste sidan 1991-valet.
Årets val er det andre på rad med auka deltaking. I 2003 var valdeltakinga 58,4 % som var 1,1 % meir enn i 1999. Trenden med nedgang i valdeltaking frå 63,2 % i 1991 til 57,3 % i 1999, er dermed snudd.

Deltakinga ved fylkestingsvala i Hordaland har auka med vel 3 prosent frå 1999 til 2007.
Dei førebels tala som ligg føre for valdeltakinga på landsbasis, tyder på at valdeltakinga både ved kommune- og fylkestingsvalet i år kjem til å liggja 2 % eller meir over 2003-valet.
Med unnatak av Oslo og Vestfold går valdeltakinga opp. Størst er auken i dei tre nordlegaste fylka og Østfold, men desse fylka har også hatt den lågaste deltakinga med rundt 50 % ved fylkestingsvalet i 2003.