Pensjonistpartiet som fekk ein representant ved valet i 2003, får ingen representantar denne gongen.
Førebels valresultat
I følgje KRD si nettside er 99,8 % av røystene ved fylkestingsvalet no talde med i oppgjeret, men det manglar enno registrering av nokre hundre røyster. Det må også takast atterhald for feilrapportering og at kontroll- og finteljing kan føra til endringar i røystetala.
Valoppgjer i fylket
Fylkesvalstyret har gjennomført kontroll- og finteljing. Men det manglar enno valstyreprotokollar frå enkelte kommunar. Først ut i neste veke vil desse vera på plass. Fylkesvalstyret sitt planlagde møte måndag 17. september er usett til torsdag 20. sept.
Representantar
Endeleg oversikt over kven som kjem inn i fylkestinget, vert først klar når fylkesvalstyret har godkjent oppgjeret.
Ordninga med personlege røyster kan få innverknad på kva kandidatar som kjem inn. Dersom ein kandidat får personlege røyster frå minst 8 prosent av dei som røysta på lista, vil vedkomande rykkja forbi kandidatar som er nominert lenger framme på lista.
Kandidatane
Oversikt over vallistene med kandidatane til fylkestingsvalet i Hordaland finn du på http://www.hordaland.no/val2007
Dersom ikkje personlege røyster fører til at kandidatar «rykkjer opp», vert mandata til kvar liste fordelte i den rekkjefølgja kandidatane er nominerte.
Lenkje til valresultat fylkestingsvalet i Hordaland
H, Frp og KrF held fram samarbeidet
Torill Selsvold Nyborg (KrF) held fram som fylkesordførar og Tom-Christer Nilsen som fylkesvaraordførar. Fremskrittspartiet skal, som i den noverande perioden, ha leiarverva i dei tre utval; samferdselsutvalet, opplærings- og helseutvalet og kultur- og ressursutvalet. Dette er klart etter dei tre partia er samde om å vidareføra samarbeidet frå den noverande perioden.
Fremskrittspartiet (13), Høgre (12) og Kristeleg folkeparti (5) har til saman 30 av dei 57 representantane i fylkestinget.
Dei formelle vala vert gjort ved konstitueringa av fylkestinget 17. oktober og i fylkestinget 6. november.
Lenkjer
BA: Torill fortsatt sjefen
NRK: Fylkesordføraren blir sittende