Fylkestinget 2007-11: Ap og Frp med 14 representantar kvar

Fordelinga av representantane i fylkestinget 2007-11 vert: Arbeidarpartiet 14 (+ 1), Fremskrittspartiet 14 (+ 1), Høgre 11, Kristeleg folkeparti 5, Sosialistisk venstreparti 4 (– 2), Senterpartiet 4, Venstre 3 (+ 1) og Raud Valallianse 2.

I høve til noverande periode går SV tilbake med to mandat medan Arbeidarpartiet,  Fremskrittspartiet og Venstre kvar går fram med eitt mandat. Pensjonistpartiet  som fekk eitt mandat i 2003 kom ikkje inn denne gongen. I den komande perioden er det åtte parti som har representantar i fylkestinget.

Pressemeldingar om valet

27 nye representantar
Av dei 57 representantane er 26 nye i denne perioden. 26 kvinner og 31 menn er valde. 45,6 % av representantane er kvinner  som er 3,5 % meir enn i 2003 då 24 kvinner vart innvalde. 

Den yngste representanten som er valt er Eivind Nævdal-Bolstad (f. 1987) for Høgre. Eldste representant er Georg Indrevik (f. 1939) for Fremskrittspartiet. 12 av representantane er i aldersgruppa 20-30 år.

Stor utskifting
Utskiftinga i fylkestinget er stor med 47,4 % nyvalde representantar. For fire år sidan var utskiftinga endå større, då 30 representantar (52,6 %) var nye. Nokre av dei som no er valde inn, har vore representantar i tidlegare periodar eller har møtt som vararepresentantar.

Sju av Arbeidarpartiet sine 14 representantar er nye. Av Fremskrittspartiet sine 14 er fire nye. I høgregruppa er seks av elleve nye. Kristeleg folkeparti stiller med tre nye av fem. SV og Sp har begge to nye av fire. Venstre har to nye av tre og i RV-gruppa er ein av to ny.

Valdeltakinga 
Valdeltakinga ved fylkestingsvalet i Hordaland var 60,45 % noko som er vel 2,0 % meir enn i 2003. Dette er andre fylkestingsvalet på rad med auka deltaking i Hordaland. I 1999 var frammøteprosenten 57,3.

Kjønnsfordeling
Kvinnerepresentasjonen auka frå 42,1 % i 2003 til 45,6 % ved årets val.

Arbeidarpartiet 7 menn  7 kvinner
Fremskrittspartiet 10 menn   4  kvinner
Høgre 6 menn    5  kvinner
Kristeleg folkeparti 3 menn    2 kvinner
Sosialistisk venstreparti 2 menn    2 kvinner
Senterpartiet 1 menn    3 kvinner
Venstre 2 menn    1 kvinner
Raud Valallianse 0 menn    2 kvinner

Kommunevis fordeling
20 kommunar vert representerte i fylkestinget i den komande perioden, mot 19 ved valet i 2003. Ordninga med utjamningsmandat gjekk ut ved førre val.

19 fylkestingmedlemer er frå Bergen kommune. Elles er fordelinga slik: Kvinnherad 5, Askøy 4, Fjell 4, Odda 4, Os 4, Lindås 3 og Bømlo 2. Desse kommunane får 1 representant: Austevoll,  Fedje,  Fitjar, Fusa, Granvin, Kvam, Masfjorden, Meland, Stord, Ullensvang, Vaksdal og Øygarden. 

Personrøyster
Personrøyster fekk ikkje innverknad på samansetjinga av fylkestinget ved dette valet.  For å rykkja opp frå nominert plass krevst det at minst 8 % av dei som nyttar ei liste gjev personrøyst til kandidatane.
 Terje Søviknes (Frp), Magnar Lussand (Sp) og Torill Selsvold Nyborg (KrF) fekk alle over 8 % personrøyster, men sidan dei alt var toppkandidatar for sine parti fekk det ingen utslag.

Kolbotn mangla 20 røyster 
Terje Kolbotn (RV) var nærast til å sikra seg fylkestingsplass ved personrøyster. Han fekk 434 røyster (7,65 %) og mangla dermed 20 røyster på å verta den eine av RV sine to fylkestingsmedlemer.

Søviknes fekk flest personrøyster
Av dei som kom inn i fylkestinget, fekk Terje Søviknes flest personrøyster med 18,2 % (8 703), Magnar Lussand fekk 10,0 % og Torill Selsvold Nyborg 9,5 %.

Fleire av toppkandidatane  og nokre andre på listene som ikkje får fylkestingsrepresentantar, fekk også mange personrøyster. Til dømes fekk Fredrik U. Litleskare på Demkratene si liste personrøyster frå 18,9 % av dei som nytta denne lista. Hildur Larsen som var nr. 2 på Kystpartiet si liste, fekk 12,1 %.

Retta lister
Av dei partia som fekk representantar i fylkestinget, var det Fremskrittspartiet som hadde flest veljarar (28,4 %) som nytta seg av høve til å gje personrøyster. Deretter  Senterpartiet  27,4 %, Raud Valallianse  26,3 %, Venstre  23,5 %, Kristeleg folkeparti  22,4 %, Sosialistisk venstreparti  18,3 %, Høgre  16,9 % og Arbeidarpartiet  15,9 %.

42,5 % av Demokratene sine lister var retta og tilsvarande: Kystpartiet  32,9 %, NKP 30,0 %, Miljøpartiet  dei grøne 27,8 %, Pensjonistpartiet  11,9 % og Kristent samlingsparti 10,2 %.

Retting av lister har vore særleg stor i enkelte kommunar. I Kvam var 48 % av røystesetlane påført personrøyster.

Pressemeldingar om valet


 

Stanley Hauge 20.09.2007 17:43
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart