Bergensskule til topps i konkurranse om Noreg i 2025

Bergen handelsgymnasium gjekk heilt til topp i globaliseringskonkurransen Noreg i 2025 som NHO skipa til. Dei tre vinnarelevane får 30.000 kroner i premie. Ein elev i Odda tok 3. plass. 40 bidrag kom inn til konkurransen.

Magdalena Ostrowska (f.v.), Celine Troye og Kristoffer Smith frå Bergen handelsgymnasium gjekk heilt til topps og fekk ei gåvesjekk på 30.000 kroner. Marianne Håkonsdatter Kvestad frå Odda vidaregåande skule fekk 5000 kroner for 3. plass.
Magdalena Ostrowska (f.v.), Celine Troye og Kristoffer Smith frå Bergen handelsgymnasium gjekk heilt til topps og fekk ei gåvesjekk på 30.000 kroner. Marianne Håkonsdatter Kvestad frå Odda vidaregåande skule fekk 5000 kroner for 3. plass.

Multimediafilm
Dei tre elevane ved Bergen handelsgymnasium er Kristoffer Smith, Magdalena Ostrowska og Celine Troye. Dei hadde laga ein multimediafilm. Ein annan skule i Hordaland tok 3. plass i konkurransen. Det var Marianne Håkonsdatter Kvestad frå Odda vidaregåande skule som skreiv eit essay om Noreg i verda 2025. Ho fekk 5000 kroner i premie.

Kronprins Haakon
Premiane var delt ut på NHOs ungdommens årskonferanse i Oslo konserthus 13. september med 1300 ungdommar og mellom anna Kronprins Haakon til stades. Konkurransen vart lansert på NHOs årskonferanse i januar i år der tema var globalisering. Konkurransen fekk tittelen: Noreg i verda i 2025.
2. plass i konkurransen gjekk til ein elev i Tromsø, mens den andre 3. plassen gjekk til tre elevar i Nordland.

Jury
I juryen sat Celina Midelfart, Harald Rønneberg (TV2) og tidlegare leiar av Elevorganisasjonen, Jan Christian Vestre.

Bjarte Brask Eriksen 17.09.2007 15:10
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart