Fylkesutvalet i Hordaland tildeler Bergen-Nordhordland Rutelag løyve for båtrute på strekninga Bergen sentrum-Frekhaug-Knarvik. Løyvet gjeld i 10 år frå den datoen det vert utferda.
Kristeleg folkeparti hadde slik protokollmerknad, sett fram av Pål Kårbø: «Kristeleg folkeparti ser det som ynskjeleg at fyrste rute om morgonen bør ha avgang frå Knarvik kl 07.00, samt at det blir ei samordna billettering/kortsamkøyring.»
Følgjande forslag frå Bjørn Lothe (SV) vart oversendt fylkesrådmannen utan realitetshandsaming:
«1. Ved første evaluering bør ein vurdera om fyrste båtrute bør gå frå Knarvik kl. 07.00.
2. Fylkesutvalet vil sterkt oppmoda om at det vert innførd ei samordna billettering/kortsamkøyring.»
Stanley Hauge 25.09.2007 15:28