Tilrår auka ramme for bybana, men ser helst at staten tek meirkostnaden

Fylkesutvalet i Hordaland går inn for å be Stortinget godkjenna ny kostnadsramme for bybana i Bergen. Primært meiner fylkesutvalet at staten bør dekka kostnadsauken.

Kostnadsramma
Fylkesutvalet i Hordaland tek framlagt kostnadsprognose for Bybanen i Bergen til orientering og legg til grunn at prosjektet vert gjennomført som ein del av Bergensprogrammet slik det er føresett. 
 Fylkesutvalet går inn for at ein skal be Stortinget godkjenna ny styringsramme for prosjektet på 2 200 mill.kr og kostnadsramme på 2 400 mill.kr.
 Denne tilrådinga til fylkestinget, som skal behandla saka 16. oktober, vart gjort med 12 (H, KrF, Ap, SV, Sp, V) mot 2 (Frp) røyster.

Kostnadsauken
Følgjande forslag frå Tom-Christer Nilsen (H) er tilrådd med 7 (fylkesordføraren si dobbeltrøyst) mot 7 røyster: «Fylkestinget meiner staten må ta heile kostnadsauken. Skjer ikkje dette rår fylkestinget til at kostnadsauken for bybana i Bergen vert finansiert med meirinntekter frå bomringen i Bergen.»
 Dei sju som røysta for dette forslaget var KrF, H, Frp. Dei sju andre (Ap, SV, Sp og V) røysta for formuleringa:  «Fylkestinget rår til at kostnadsauken for bybana i Bergen vert finansiert med meirinntekter frå bomringen i Bergen.»

Fremskrittspartiet gjekk primært inn for sitt eige forslag. Dette forslaget fekk berre røystene til partiet sine to representantar.

Fremskrittspartiet sitt forslag:

«1. Fylkestinget konstaterer at framlagt kostnadsprognose for Bybana i Bergen framviser stor overskriding i byggekostnader i forhold til den kostnadsråma som var lagt til grunn då Stortinget i februar 2006 godkjente Bybaneprosjektet som del av Bergensprogrammet. Fylkestinget har spesielt merka seg at auken i kostnader på tunnelarbeid og nødvendige endringar frå opprinneleg prosjektgrunnlag er oppgjeve som årsaker til denne store og svært beklagelege overskridinga.
2. Fylkestinget rår ikkje til at kostnadsauken vert finansiert med meirinntekter frå bomringen i Bergen. Fylkestinget viser spesielt til at det andre store samferdselsprosjektet i Bergensprogrammet som det er avklart finansiering for, nemleg Ringveg Vest, ser ut til å halda seg innafor styringsråma. Fylkestinget meiner difor at det vil vere urimeleg ovanfor bilistane om dei også skal bere denne store ekstrarekninga for Bybaneprosjektet i tillegg til det store bidraget som alt er lagt inn.
3. Fylkestinget rår difor til at Staten overtek heile finansieringsansvaret for Bybana og at byggherreansvaret omgåande vert overført til Jernbaneverket. Fylkestinget ber Regjeringa snarast leggje fram sak til Stortinget om samordning av Bybaneprosjektet i Bergen, jf. St.prp. nr. 75 (2004-2005) og Innst.S.nr.94 (2005-2006), med utvikling av nærtrafikk med jernbane i Bergensregionen. »

Fylkestinget skal handsama saka 16. oktober.

Pressemelding frå fylkesutvalet (rtf-fil)

Stanley Hauge 12.10.2007 16:06
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart