Stappfullt på Yrkeslabben

I dag opna Yrkeslabyrinten i Vestlandshallen med yrande liv, flotte utstillingar og nyfikne ungdomar. Fylkeskommunen spytta i med om lag ein kvart million kronar.

Camilla frå Årstad utdannar seg til frisør.– Ho er garantert læreplass neste år med lite fråvære og stor innsatsvilje, rosa faglærar Kari Hestness.
Camilla frå Årstad utdannar seg til frisør.– Ho er garantert læreplass neste år med lite fråvære og stor innsatsvilje, rosa faglærar Kari Hestness.

- Godt investerte pengar. Her vert det avkastning, lova prosjektleiar Berit Nyland frå Opplæringsavdelinga.
Det er sjuande gongen Foreininga Yrkeslabyrinten, paraplyorganisasjonen for dei 25 opplæringskontora i fylket, arrangerer messa.

Framifrå jobb
- Dei første åra var vi på Bønes, og no er vi i Vestlandshallen for femte gong. Med åra er forma på messa vorten stadig betre, og eg synest utstillarane gjer ein framifrå jobb med å lage ei freistande utstilling. Vi har om lag 5000 førehandspåmeldingar, og veit frå tidlegare år at det kjem til å kome mange fleire, sa prosjektleiar Ranveig Nordvik frå opplæringskontora.

Marsipan og smågodt
Rundt omkring vanka det både marsipan og smågodt. – Vi formidlar 200 lærekontraktar kvart år. Klart det er viktig for oss å bli sett, sa dagleg leiar for opplæringskontoret for hotell og restaurantfag, Lars Henneli.
Frå Sandsli var Lise og Hildegunn peika ut til å reklamere for matfaga. Dei stelte i stand prima konditorvarer og ynskjte seg læreplass til neste år. Det bør de absolutt få, etter marsipankulene å døme.

Sikker læreplass
I frisørfaget er Camilla banker på å få seg læreplass neste år. – Camilla får heilt sikkert læreplass. Ho er flink, har lite fråvære og stor innsatsvilje, la faglærar Kari Hestness påpasseleg til.
Inntaksdamene på Opplæringsavdelinga i fylket freista med Dajm, men elles vanlege inntaksvilkår. Opplæringsskontoret for bygg og anleggsteknikk stilte mannsterkt for å ta vare på rekrutteringa.

Viktig å bli sett
– Det er viktig å bli sett, og vi må vere med og få fram dugande lærlingar, sa den kvinnelege opplæringsleiaren Monica Håkonsli.
Helsefagarbeidar Brit Fosse Reigstad frå Knarvik vidaregåande såg framtida i Nordhordland ljost i møte etter at alle som var innom ville bli doktorar. Zana og Tina frå tannhelsesekretærane på Åsane videregående rekrutterte nye elevar med stor iver, mens sportsponnien Speedy Spot berre såg mellomnøgd ut etter den lange reisa frå Voss jordbruksskule. Til gjengjeld vonar vossingane å kome i gang med utplassering av elevar på hestelinja heilt nede i Budapest neste år, røpa faglærar Kari Danielsen dei frammøtte på ein sers vellukka opningsdag.
 
Nyttig info frå arrangøren for dagane framover:
 
Yrkeslabyrintmessen 2007 er i  Vestlandshallen i veke 44.
Åpningstider for messa:
Tysdag  30.10.2007 0900 -1430
Onsdag 31.10.2007 0900 -1430
Torsdag  1.11.2007 0900 -1430 og 1800-2000
Fredag    2.11.2007 0900 -1300
 
Bussar frå perrong 14
Kvar halvtime, kvart på og kvart over
Frå Vestlandshallen kvar halvtime, kvart på og kvart over.

Bingo! der fekk eg tre nye elevar til Knarvik, jublar rektor Inge Alver, alltid til stades.
Bingo! Der fekk eg tre nye elevar til Knarvik, jublar rektor Inge Alver, alltid til stades.

Tennenne våre går trygge tider i møte. Her er Zana og Tina i fullt arbeid med å reklamere for tannhelsesekretærlinja
Tennenne våre går trygge tider i møte. Her er Zana og Tina i fullt arbeid med å reklamere for tannhelsesekretærlinja.

Inntakskontoret synte utdanningsvegar og lokka med ein Dajm til kvar.
Inntakskontoret synte utdanningsvegar og lokka med ein Dajm til kvar.

Arrangøren hadde tenkt på alt til årets messe
Arrangøren hadde tenkt på alt til årets messe.

Sportsponnien Speedy spot var levande reklame for jordbruksskulen på Voss
Sportsponnien Speedy spot var levande reklame for jordbruksskulen på Voss.

Frå yrkeslabyrinten

Frå yrkeslabyrinten

 

Tekst og foto: Tormod Valaker 30.10.2007 15:16
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart