Sjømatkonferansen og Sjømatprisen 2007

Tysdag 9. oktober vart den 7. Sjømatkonferansen opna av statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet i Bergen. Sjømatkonferansen er ein nasjonal fagkonferanse for sjømat og har i år hovudfokus på helseeffektar av sjømat, produkttrendar; og

Matlaging ved elevar frå Rothaugen ungdomsskule og Per Christian Valland frå Norsk sjømatsenter t.v.) og Arne Hjeltnes i Marine Harvest (t.h.).
Matlaging ved elevar frå Rothaugen ungdomsskule og Per Christian Valland frå Norsk sjømatsenter t.v.) og Arne Hjeltnes i Marine Harvest (t.h.). Alle foto Jan Hausken.

Morosame innleiingar
Arne Hjeltnes som no er kommunikasjonsdirektør i Marine Harvest var konferansier og hadde mange morosame innleiingar til dei faglege foredraga.

Godt besøk
Konferansen var godt besøk med meir enn 170 deltakarar frå forskingsmiljø, sjømatnæringa, restaurant, daglegvare og finans.
NIFES, Norsk institutt for ernæring og sjømatforskning, presenterte forsøk med feit fisk gjort på elevar på Rothaugen ungdomsskule i Bergen og nokre elevar demonstrerte laging av laksewraps. Ikkje ulik den ein no kan få på McDonalds. Ungdom som marknad for sjømat vart samtidig kommentert av eit ekspertpanel. Sjømatprisen for 2007 gjekk til Marine Harvest representert her ved Marit Solberg og Magnus Skretting.

Prosjekt
Sjømatkonferansen 2007 er eit prosjekt i Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland. Hordaland fylkeskommune er med i programkomiteen.

For meir informasjon:
http://www.fiskeriforum.no/
http://www.hordaland.no/marin

Panelet på den faglege konferansen om sjømat var samansett av Øyvind Lie (NIFES, f.v.), Svein Lyngnes (Domstein/Enghav), Vidar Olsen (Norgesgruppen), Fredrik Hald (Lerøy) og statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.
Panelet på den faglege konferansen om sjømat var samansett av Øyvind Lie (NIFES, f.v.), Svein Lyngnes (Domstein/Enghav), Vidar Olsen (Norgesgruppen), Fredrik Hald (Lerøy) og statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.

Jan Hausken 10.10.2007 11:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart