Sjå forslaga til sømjeanlegg og vidaregåande skule på Nygårdstangen

Seks arkitekt- og rådgjevargrupper har levert inn forslag i plan- og designkonkurransen om ny vidaregåande skule og hovudanlegg for sømjing og stuping på Nygårdstangen i Bergen. Forslaga vert stilte ut i Magistratbygningen i rådhuskvartalet.

Onsdag 31. oktober klokken 12.00 opnar Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune ei utstilling som viser de innkomne forslaga i plan- og designkonkurransen. Innan fristen 29. oktober var det kome inn forslag frå tre norske og tre danske arkitekt- og rådgjevargrupper. Alle seks hadde vorte kvalifiserte på førehand.

Utstillinga
Utstillingen finn stad i Magistratbygningen, Rådstuplass 5. Den vil vera open for publikum frå onsdag 31. oktober og fram til og med tysdag 6. november. Opningstidene for utstillinga er frå klokken 12.00 til 15.00.

Fellesprosjekt
Bak arkitektkonkurransen står Bergen kommune ved Bergen kommunale bygg og Hordaland fylkeskommune ved eigedomsseksjonen. Bergen bystyre vedtok 23. oktober 2006 å byggja nytt hovudanlegg for sømjing og stuping på Nygårdstangen. Hordaland fylkesting godkjende 14. juni 2006 planane for ein ny vidaregåande skule samlokalisert med sømjeanlegget.

Jury
Ein jury på åtte personar, som er oppnemnde av oppdragsgjevarane, skal no vurdera dei innkomne løysningsforslaga. Resultatet av juryen sitt arbeid vil vera klart i månadsskiftet november/desember 2007.

Ferdig anlegg i 2011
Den vidaregåande skulen og hovudanlegg for sømjing og stup skal stå ferdig hausten 2011.

Dei innkomne forslaga
Nedanfor er illustrasjon av kvart av dei seks innkomne forslaga.

Forslag: De tre speil

Forslag: De tre speil

Forslag: Helleren

Forslag: Helleren

Forslag: Making Waves

Forslag: Making Waves

Forslag: Samspill

Forslag: Samspill

Forslag: Springbrett

Forslag: Springbrett

Forslag: Sydvest

Forslag: Sydvest


Ny sentrumsskule på Nygårdstangen (pdf-fil)

Ola H. Målsnes og Stanley Hauge 31.10.2007 11:40
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart