Saman for kulturarv og verdiskaping

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg opna andre dag av konferansen Kulturarv og verdiskaping, eit samarbeid mellom Bergen kommune, ICOMOS Norge og Hordaland fylkeskommune. Ho peika mellom anna på at mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltas

- Noreg er eit land som er rikt på kultur og historie. Vi møter mange utfordringar når det gjeld å formidla korleis kulturarven vår kan bidra til verdiskaping.

Dette er noko som vi i Hordaland fylkeskommune skal vidareføre i arbeidet vårt som regional utviklar, peika fylkesordførar Selsvold Nyborg på.

Sal med historisk eim for deltakarane på konferansen Kulturarv og verdiskaping i Grand selskapslokale.

Ho understreka at fylkeskommunen har ei viktig oppgåve i å kople saman ulike aktørar, skape møteplassar og leggje til rette for eit samarbeid på tvers. Her ligg det store utfordringar når vi skal verte samde om korleis kulturarven skal gje grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling i den regionale politikken. Her håper eg at konferansen vil kunne bidra til at ein vert einige om strategiar og verkemiddel for ei vidare satsing på området.

Fylkesordføraren synte vidare til at lokalsamfunn som tar i bruk kulturarven har eit konkurransefortrinn når ein skal etablere nye verksemder, når det gjeld val av bustad og ved utvikling av reiseliv, kunst og produktutvikling. Å bruke kulturarven i verdiskaping vil kunne tilføre viktig kunnskap og perspektiv i arbeidet for ei betre og meir bærekraftig samfunnsutvikling.

Næringssjef Lars Tveit i Hordaland fylkeskommune understreka rolla som regional utviklar, og utfordra kulturaktørane å koma med ideane sine for å få dei realisert.

Provoserande utfordringar
Rådgjevar Sverre Møien frå Kyrkje- og kulturdepartementet hadde ein gjennomgang av Handlingsplan for kultur- og næring før Thorstein Selvik frå Artesia Capital stilte spørsmål kring temaet om kultur kan vere bedriftsøkonomisk lønsamt. Med beinharde økonomiske realitetar og målet om å tena pengar som bakteppe, kom han med fleire utfordrande og for mange heilt sikkert provoserande spørsmål.

- Nokre aktivitetar har betydning gjennom kulturen sin eigenverdi, medan andre kan gi økonomisk avkastning. Ofte vert grensene mellom desse for uklare, påpeika Selvik mellom anna.

 

Thorstein Selvik frå Artesia Capital brakte dei beinharde økonomiske realitetane inn i debatten i sitt innlegg om kultur kan vere bedriftsøkonomisk lønsamt.

Viktig konferanse
- Fylkeskommunen står i ei særstilling når det gjeld arbeid med kulturminnevern og verdiskaping. Vi har mellom anna to nasjonale pilotprosjekt i Miljøverndepartementet sitt program. Denne konferansen, som er eit samarbeid med ICOMOS Norge og Bergen kommune, er ein del av arbeidet med å gjere pilotprosjekta så gode som mogleg samt å stimulera til vidare arbeid i Hordaland innan dette feltet, seier fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd. Pilotprosjekta er Perler i Nordsjøløypa og Oddaprosessen.no.

Konferansen samla 160 deltakarar frå heile landet. Det er arrangørane godt nøgde med. I tillegg til felleskonferansen var det to sesjonar med fokus på ulike fagfelt.

Simon Sortland 24.10.2007 12:51
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart