Prishopp på skuleutbyggingar

Bygginga av den nye Nordahl Grieg videregående skole og eit større tilbygg ved Knarvik vidaregåande skule vert til saman 100 mill. kr dyrare enn den vedtekne kostnadsramma. Prishoppet er 75 mill. kr for Nordahl Grige vgs og 25 mill. kr for Knarvik vgs. År

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å godkjenna dei nye kostnadsrammene på 455 mill. kr for Nordahl Grieg videregående skole og 138 mill. kr for tilbygget ved Knarvik vidaregåande skule.

Fylkestinget avgjer saka 16. oktober.

Nordahl Grieg vgs
Grunnarbeidet ved Nordahl Grieg videregående skole på Sørås i Bergen vart starta i juni i år. Her er kontraktsummen i samsvar med det vedtekne forprosjektet. Då det vart henta inn tilbod på dei bygningsmessige faga  som utgjer hovudtyngda av byggjekostnadene, var prisane ca. 25 % høgare enn føresett.

Knarvik vgs
Den vedtekne  kostnadsramma for prosjektet ved Knarvik vidaregåande skule er på 113 mill. kr. Dei innkomne anboda viser entrepriskostnader på 28 % over kalkylane.

Pressemelding frå fylkesutvalet (rtf.fil)

Stanley Hauge 12.10.2007 16:20
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart