Premiere for Den kulturelle skolesekken i vidaregåande

Pilotprosjektet med Den kulturelle skolesekken (DKS) for vidaregåande skular er i gang. Onsdag 24. oktober var premieren med Pedro Carmona-Alvarez si framsyning «Om å si sannheten når alle tror du ljuger som en galning». Det skjedde på Bergen katedralsko

Pedro Carmona-Alvarez står for ei framsyning der musikk, lyrikk og videoklipp er kombinert.Hordaland var eitt av dei sju pilotfylka som vart plukka ut då regjeringa i vår løyvde midlar til å utvida DKS til også å omfatta vidaregåande skular. Dei andre fylka er Oppland, Hedmark, Vest-Agder, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Troms. Av dei 6 mill. kr i pilotmidlar som regjeringa fordelte, fekk Hordaland 685 000 kr.

Pedro Carmona-Alvarez står for ei framsyning der musikk, lyrikk og videoklipp er kombinert.

Fem skular
I Hordaland er Bergen katedralskole, Langhaugen, Årstad, Stord og Odda vidaregåande skular tekne ut til å få tilbod om kulturell skulesekk dette skuleåret.

Carmona-Alvarez
På kvar av desse skulane vil elevar i 2. klasse få oppleva ei kombinert musikk, lyrikk og video-framsyning av Pedro Carmona-Alvarez og seks kortfilmar.
 Carmona-Alvarez si framsyning har turneperiode frå 24. oktober til 16. november. Kortfilm-opplegget vert gjennomført etter nyttår.

Lenkje til Fakta om Carmona-Alvarez si framsyning

Kortfilmar
Eit stort kortfilmprosjekt startar i januar 2008.
 – Filmprosjektet har vi lagt opp i samarbeid med Vestnorsk filmsenter, seier leiar for DKS Marit Brendbekken.

Filmprosjektet omfattar kurstilbod til norsklærar i filmspråk og filmvising for elevane.

Ute i klasseromma er det regissørane av dei seks kortfilmane som skal visast, som skal stå for undervisninga. Men på kvar skule vil dei ha med seg ein annan som har delteke i produksjonen, til dømes manusforfattar, fotograf, lydteknikar eller klippar.

Kortfilmane
Dei seks filmane som inngår i DKS-prosjektet er: «Audition» av Marius Soma, «Digre daier» av Gunnar Vikene, «Metamorfose» av Geir Hansteen Jørgensen, «Naïn» av Terese Jacobsen, «Siste hus» av Pål Øie og «Sniffer» av Bobbie Peers.
 «Sniffer» vann Gullpalmen for beste kortfilm og Norman McLaren Award, ved Cannes Film Festival 2006.

DKS vidaregåande
For meir info om satsinga på Den kulturelle skolesekken i vidaregåande skole, sjå: http://www.dks-hordaland.no/aktuelt/artikkel.asp?ArtikkelID=65 (Lenkje til pressemeldinga til KKD.)
 For info om verksemda til Den kulturelle skolesekken i Hordaland, sjå: http://www.dks-hordaland.no/ og DKS sentralt: http://www.denkulturelleskolesekken.no/

Tekst og foto: Stanley Hauge 30.10.2007 09:58
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart