Fylkestinget ser det som viktig for regionen at Nordhordlandspakka – fase 1 vert realisert, og legg til grunn at det vert arbeidd vidare med søknaden i samarbeid med vegvesenet for å avklare kva som kan gjerast for å ivareta nytteprinsippet på ein god nok måte. Fylkestinget vil be om å få ein eventuell revidert søknad til handsaming i løpet av hausten/vinteren 2007/2008.
Vedtaket i fylkestinget var gjort med vekslande fleirtal for dei ulike punkta. Punkt 1, 3 og 4 i fylkesutvalet si innstilling vart vedteken. Som punkt 2 i vedtaket kom inn Høgre sitt forslag på dette punktet.
Vedtaket til fylkestinget:
«1. Fylkestinget er positiv til Nordhordlandspakken – fase 1, som eit initiativ til delvis bompengefinansiering av aktuelle vegtiltak i Nordhordland. (Vedteke med 35 (Ap, Sp, V, H, KrF) mot 22 (Frp, SV, RV, uavh.) røyster.)
2. Fylkestinget kan ikkje tilrå bompengesøknaden for finansiering av Nordhordlandspakken – fase1, og viser til manglande lokal oppslutnad. Fylkestinget meiner og at opplegget med bomstasjon kun på E39 Nordhordlandsbrua ikkje godt nok ivaretek omsynet til nytteprinsippet ved bompengeinnkreving. (Vedteke med 33 (H, Frp, uavh., SV, RV) mot 24 (Ap, KrF, Sp, V) røyster.)
3. Fylkestinget ser det som viktig for regionen at Nordhordlandspakken – fase 1vert realisert, og legg til grunn at det lokalt vert arbeidd vidare med bompengesøknaden i samarbeid med fylkeskommunen og Statens vegvesen for å avklare kva som kan gjerast for å ivareta nytteprinsippet på ein god nok måte. (Vedteke med 41 (Ap, KrF, H, Sp, V, SV) mot 16 (Frp, Rv, uavh.) røyster.)
4. Fylkestinget vil be om å få ein eventuell revidert søknad til handsaming i løpet av hausten/vinteren 2007/2008. (Vedteke med 41 (Ap, KrF, H, Sp, V, SV) mot 16 (Frp, Rv, uavh.) røyster.)»
SV-RV-Frp-forslag
Liv Glasser (SV) sette fram slikt forslag på vegner av SV, RVs og Frp:
«1. Fylkestinget er positiv til Nordhordlandspakken sine tiltak.
2. Fylkestinget kan ikkje akseptera finansiering med bompengar, og meiner det er eit statleg finaniseringsansvar å realisera Nordhordlandspakken.
3. Fylkestinget legg til grunn at det lokalt vert arbeidd vidare med desse vegprosjekta i samarbeid med fylkeskommunen og Statens vegvesen, og at prosjekta vert lagt fram for fylkestinget i samband med handlingsprogrammet til Nasjonal Transportplan 2010-2019.»
Dette forslaget fekk 22 røyster (13 Frp, 6 SV, 2 RV, 1 uavh.) og fall.