Miljøpris til Fedje-folket

Hordland fylkeskommune sin miljøpris for 2006 er tildelt til Fedje-folket, representert ved kommunen og «Folkeaksjonen for heving av kvikksølvet frå U-864». Prisen vert tildelt for eit særdeles stort engasjement for å hindra ein framtidig miljøkatastrofe

Miljøprisen går til ordfører Erling Walderhaug (på talarstolen) og representantene for folkeaksjonen: Reidun Moldøen (f.v.), Lisbeth Stuhaug og Marie Karlsen. Prisutdelar var Georg Indrevik, leiar av Kultur- og ressursutvalet.
Miljøprisen går til ordførar Erling Walderhaug (på talarstolen) og representantane for folkeaksjonen: Reidun Moldøen (f.v.), Lisbeth Stuhaug og Marie Karlsen. Prisutdelar var Georg Indrevik, leiar av Kultur- og ressursutvalet. (foto Stanley Hauge)

Aksjonsgruppa
Prisen som er på kr 35 000 vart utdelt under Hordaland fylkesting sitt møte i Bergen tysdag 16. oktober. Prisen vart teken imot av Fedje-ordførar Erling Waldershaug og representantar for aksjonsgruppa. Leiar i kultur- og ressursutvalet, Georg Indrevik, stod for utdelinga.

Klår tale
Heilt frå det vart kjend at ubåten som ligg på botnen utanfor Fedje kunne ha ei stor kvikksølvlast om bord, har Fedjefolket vore klår i sin tale: Kvikksølvet må opp og handterast forsvarleg på land!, sa utvalsleiar Indrevik ved tildelinga.
 Han viste til at i denne kampen har Fedje-samfunnet fått med seg miljøorganisasjonar, fiskeriinteresser, fylkespolitikarar og stortingsrepresentantar. 
 – Og når direktorat og departement i sine rapportar har kome til at tildekking av ubåt og last kan vera forsvarleg, har de ikkje gjeve opp kampen. I staden aksjonerte de og auka det politiske presset, og fekk gjennomslag for at nye vurderingar av hevingsalternativet må gjennomførast. Vi veit enno ikkje resultatet av dette, men med den merksemda saka har fått nasjonalt og internasjonalt, må styresmaktene gjere sitt yttarste for å få til ei permanent god miljøløysing, sa Indrevik.

Stått saman
Indrevik trekte også fram at Fedjesamfunnet har stått saman i fleire miljøsaker. Kampen for å få attende det statlege oljeverndepotet på øya har ein lukkast med. Saman har ein også spadd olje frå tilgrisa svaberg etter Server-ulukka. I tillegg var Fedje den første kommunen i landet som fekk miljøsertifisert alle sine einingar.

— Dei beste resultata får ein når kommune og folk arbeider mot same mål. Vi ynskjer at de også framover held fast på dette samarbeidet, og vonar de i fellesskap finn ut korleis de kan nytte prispengane til det beste for miljøet. Reint praktisk vil midlane bli utbetalt til kommunen, som samstundes vil få oppgåva med å invitere til vidare samarbeid om viktige miljøsaker for øya, sa Georg Indrevik.

16. gong
Hordaland fylkeskommune sin miljøpris har vore delt ut kvart år sidan 1992. I år vart prisen delt ut for 16. gong. Det kom i år inn forslag på fire kandidatar til prisen.

Stanley Hauge 16.10.2007 15:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart