Lokkar utanlandsk arbeidskraft til Hordaland

Bergen og Hordalandsregionen er ein attraktiv plass å leva, arbeida og etablere nye verksemder. Kompetent utanlandsk arbeidskraft skal lokkast hit, og eit av tiltaka er ein skrytefilm og –brosjyre produsert av Hordaland fylkeskommune, NCE Subsea og Bergen

Profileringsfilmen ”WORK - LIVE - THRIVE – The Bergen Area”

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg scora eit marknadsføringsmessig hat-trick under Deep Offshore Technology-messa i Stavanger 11. oktober.

Ho presenterte skrytefilmen  ”WORK - LIVE - THRIVE – The Bergen Area” og inviterte arrangøren av DOT-messa til Bergen føre 400 delegatar under lunsjen sponsa av NCE Subsea.

Etterpå hadde ho reine ”signingsferda” blant utstillarane både frå vår region og det store utland.


Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg får orientering frå i StatoilHydro. Fylkesutvalsmedlem Joril Christensen (Ap), dagleg leiar Trond Olsen i NCE Subsea og i StatoilHydro føl med.

Slår på stortromma
- Skal du marknadsføra ein region, kan du ikkje sitja inne på eit kontor. Vi var fem stykk på oljemessa i Houston i år, og neste år har vi reservert 30 hotellsenger. Dei skal vi fylla opp. Stavanger har vore flinke på dette, men vi står ikkje lenger tilbake, seier fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i brodden for Hordaland sin delegasjon. Dagleg leiar Trond Olsen (t.v) i NCE Subsea saman med fylkesutvalsmedlem Joril Christensen (Ap), dagleg leiar Sjur Storaas i Hordaland olje og gass, og fylkesrådmann Paul M. Nilsen ved NCE Subsea sin stand på DOT i Stavanger.

- Vi slår no på stortromma. Vi treng nye ingeniørar og fagfolk, og skal visa dei kor flott det er i Bergen og Hordaland. Profileringsfilmen viser det beste vi har å tilby av næringsliv, natur og kultur basert på våre kjerneverdiar som kreativitet, viljestyrke og innovasjon, legg ho til.

- Industrien sin trong for folk er nærast umetteleg. I filmen fortel mellom anna eit amerikansk ektepar om kvifor dei har flytta til Bergen for å jobba i StatoilHydro, seier dagleg leiar Trond Olsen i NCE Subsea.

Bergen til Houston
Olsen var også prosjektleiar for filmen som hadde offisiell premiere framfor eit internasjonalt publikum på DOT. Utfordrande jobbar, i kombinasjon med vestlandsk natur og kultur, er hovudargumenta som skal trekkje velkvalifisert, utanlandsk arbeidskraft til industriverksemdene i Hordaland.

 

Fylkesordførar Nyborg, fylkesrådmann Nilsen og Storaas i Hordaland olje og gass får ei orientering frå adm. dir. Dag Aldal i Clampon.

Den fem minutter lange filmen ”WORK - LIVE - THRIVE – The Bergen Area”, rettar seg først og fremst til ingeniørar, men burde vere eigna til å vekka interesse også hos faglærte industriarbeidarar, meiner Olsen.

Skrytefilmen skal også visast under verdas største messe for olje og gass i Houston til våren. Hovudfokuset er undervassteknologi, der det er trong for fleire hundre ingeniørar og opp mot 1000 fagarbeidarar.

Stort utbyte
Fylkesrådmann Paul M. Nilsen og fylkesutvalsmedlem Joril Christensen (Ap) representerte også Hordaland fylkeskommune, saman med dagleg leiar Sjur Storaas i Hordaland olje og gass, i framstøtet under DOT. Dei meiner det er både viktig og nyttig å delta i slike fora for å marknadsføra regionen.

Fylkesordføraren helsar på CEO hjå arrangøren Pennwell saman med Olsen i NCE Subsea (delvis skjult).

Fleire av utstillarane frå vår region sette pris på initiativet og engasjementet frå politisk hald. Dei hadde også fleire gode råd å kome med vedrørande kva bedriftene og arbeidstakarane treng drahjelp til. Tilbakemeldingane på filmen som eit profileringsverkty for den lokale industrien var også særs god.

Fylkesordføraren helsar på Rolf Haldorsen og Jan-Even Østrem i Advantec. Storaas (t.v) og Olsen er med på runden. 

Sjå også NCE Subsea
Artikkel på bt.no

Brosjyren "Work-Live-Thrive - the Bergen area"

Simon Sortland 15.10.2007 15:07
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart