
Mette Nora Sætre, nestleiar i Kultur- og ressursutvalet, (f.v.) delte ut kulturarbeidarprisen til Kjetil Hauge for utvikling og bevaring av Bryggen i Bergen, Ole Hamre og Sissel Saue i ”Fargespill” og Einar Matre og Terje Skorpen i Smedholmen Kyst- og Naturlivsskule. (foto Stanley Hauge)
Prisen vart utdelt under fylkestinget sitt møte i Bergen 16. oktober. Nestleiar i kultur- og ressursutvalet, Mette Nora Sætre, stod for utdelinga.
«Fargespill»
I 2004 sto Ole Hamre og Sissel Saue for første gong med scenen full av barn og ungdom frå ulike nasjonar i Hilde Sol Erdal sin koreografi. I 2007 klarte dei igjen å kome opp med ei minst like god forstilling basert på det same konseptet – «Fargelys». Dei har møtt publikum med «Fargespill» og «Fargelys» mange gonger, men det var ei spesielt stor stund både for deltakarar og kongehus då «Fargelys» som Hordaland si gåve til kongen opna festframsyninga i høve kong Harald sin 70-årsdag.
Mange av ungane var nett komne til Noreg og visste knapt kva ein konsert eller scene var før dei vart ein del av den. Kunstnarane bak fargespela har på ein fantastisk måte klart å gjere nettopp dette til ein styrke og å skapa ein arena som viser at våre verdiar er slåande like og at ulikskapane er gjevande og verdifulle.
— «Fargespill» er eit unikt prosjekt både i kunst- og samfunnssamanhang. Dei har eit genuint kunstnarleg utgangspunkt. Fargespela har kan hende også difor blitt ein vidarekomen måte å jobbe med integrering på. Det handlar om måtar å møtast på, innsikt i å vera til. Det er blitt noko mykje meir enn ei framsyning og kunstnarane som står bak prosjektet jobbar no med at konseptet skal kunne brukast som integreringsmodell andre stader i landet, sa Mette Nora Sætre ved utdelinga.
Smedholmen Kyst- og Naturlivsskule
På Smedholmen – ei øy i Fitjar kommune – driv Terje Skorpen og Einar Matre kyst- og naturlivsskule. Grunntanken bak skulen er personleg kontakt, fellesskap, tradisjonelt handverk og godt sjømannsskap. Skuleelvar og andre er aktive deltakarar på kursa dei held i gamalt handverk og tradisjon, og viktige medspelarar er også eldre sjømenn og fiskarar frå lokalsamfunnet.
Skorpen og Matre har vore viktige i arbeidet med å ta vare på og restaurere ulike lokale båttypar, og samlinga inneheld fleire sjeldne gamle båtar. Eit av dei største arbeida dei har gjort er å restaurere 60 fot seglsluppen «Seladon». Dei arbeidde på tradisjonelt vis med dette – m.a. vart segla sydd for hand. Sluppen vart ferdig for eit par år sidan og er med sin sertifisering for 35 personar ein viktig del av aktiviteten på Smedholmen.
Kjetil Hauge
er tildelt kulturarbeidarprisen for det utrettelege arbeidet sitt for Bryggen i Bergen. Han er opptatt av å bevare, og samtidig fornya Bryggen si eigenart.
Hauge er leiar i Bryggen Private Gårdeierforening og eigedomsforvalter for Olav Thon på Bryggen.
Hauge har vore sentral i arbeidet med utvikling og bevaring av Bryggen – både når det gjeld bygningar og aktivitetar. Han har mellom anna vore pådrivar for å få opparbeida plassen framfor Bryggen, prosjektleiar for istandsetjinga av Svensgården og vore opptatt av å formidla dette arbeidet til innbyggjarane i byen. Kjetil Hauge har også vore sentral for dialogen og samarbeidet om Bryggen mellom ulike privatinteresser, stiftinga og offentlege organ og det politiske miljøet.