Krev midlar til nytt odontologibygg i 2008

Hordaland fylkesutval reagerer sterkt på at det ikkje er løyvd midlar til nytt odontologibygg ved Universitetet i Bergen på statsbudsjettet for 2008. Fylkesutvalet krev at det vert sett av pengar til riving av det gamle PKI-bygget i 2008, slik at nytt byg

Forslaget til fråsegn, som vart samrøystes vedteke, vart sett fram av Joril Christensen (Ap).

Fråsegna:
«Fylkesutvalet reagerer sterkt på at regjeringa ikkje har fylgd opp når det gjeld nytt bygg til Odontologi ved Universitetet i Bergen. .

Situasjonen er no slik at det ser ut for at UiB må redusera aktiviteten ved odontologien i Bergen, dette i ei tid då vi skulle trappa opp utdanninga av tannlegar.

Stortingsmelding nr. 35 2006-07, om tannhelsetenesta har desse måla:

· Eit betre tannhelsetilbod til befolkninga, allmenn og spesialisttenester

· Betre spreiing av tannhelsetenestene, med regionale kompetansesentra

· Meir klinisk odontologisk forsking

Desse måla kan ikkje realiserast utan at universiteta har tilstrekkeleg undervisnings- og forskingskapasitet i odontologi.

Fylkesutvalet krev difor at det vert sett av pengar til riving av det gamle PKI-bygget i 2008, slik at nytt bygg kan koma i gang i 2009.»

Pressemelding frå fylkesutvalet (rtf-fil)

Stanley Hauge 12.10.2007 16:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart