Det andre sentrale temaet blir å få til betre samarbeid mellom det offentlege og dei frivillige organisasjonane.
Viktig arena
Fylkeskonferansen for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Hordaland er ein årleg viktig arena for fagleg påfyll innan idretts- og friluftslivspolitiske tema. Målet med konferansen er å vere ein møtestad for å spreie kunnskap til aktørar som arbeider med eller har eit ansvar innan fysisk aktivitet , idrett og friluftsliv. Målet er også å styrkje nettverket til alle som jobbar innan fagfeltet for å skapa ein "aktiv kvar dag" for folk i Hordaland.
Fagtema
Konferansen er delt opp med ulike fagtema på dagtid og politiske tema frå tidleg ettermiddag fredag. Dei ulike fagdelane skal vere med på å gje innspel og inspirasjon for eit godt folkehelsearbeid i Hordaland.
Fylkeskonferansen har i år særleg søkjelys på samarbeid mellom det offentlege og dei frivillige organisasjonane. I tillegg vil rammevilkår for å skape god kvardagsaktivitet for folk i Hordaland vere sentralt i konferansen.
Detaljert program for konferansen (pdf-fil)
Påmelding til Hovudkonferansen
Påmelding til Fagkonferansane
Påmelding til fagkonferanse 4, 5, 6, 7 og 8 skjer via e-post. Du kan melde deg på her, eller du
kan melde deg på direkte til Hordaland idrettskrets/Olympiatoppen Vest. Sjå informasjonen til
kvar enkelt konferanse i brosjyren.
Ver merksam på at Fagkonferanse 4 om Barneidrett vert arrangert
fredag 9. november. Her er påmeldingsfristen måndag 29. oktober.
Sjå og internettsidene til idrett og friluftsliv i Hordaland fylkeskommune