Gull-gratulasjon til Brann

Hordaland fylkeskommune gratulerer Sportsklubben Brann med seriemeisterskapen 2007. Gratulasjonen går til spelarane, trenarteamet med Mons Ivar Mjelde i spissen, til administrasjon og til styre, heiter det i helsinga frå fungerande fylkesordførar Tom-Chri

Målretta og systematisk
Gjennom fleire år har Sportsklubben Brann med stort mot makta å arbeida samla, målretta og systematisk. Det er dette som no har gjeve strålande resultat. Slik har Sportsklubben Brann skapt eit døme som bør tena som eit kraftfullt førebilete – ikkje berre for norsk toppfotball, men og for nærings- og kulturliv, og for samfunnet generelt, heiter det i helsinga frå fylkesordføraren.

Inspirasjon
Seriemeisterskapen til Sportsklubben Brann vil vera ein verdfull inspirasjon for Bergen og Hordaland, ikkje minst for tusenvis av små og store idrettsutøvarar i fylket vårt.

Hordaland fylkeskommune takkar for framifrå innsats.

Stanley Hauge 23.10.2007 10:35
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart