Fylkesordføraren om Statsbudsjettet: - Positivt for kulturen, skuffande for kollektivtrafikken

- Det gledelege er at kulturlivet vert styrka, men me ser diverre lite til den varsla satsinga på kollektivtrafikken. Eg er svært skuffa over at odontologibygget heller ikkje no kom med i Statsbudsjettet, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

I dag la finansminister Kristin Halvorsen (SV) fram Statsbudsjettet 2008. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg meiner det mest positive for Hordaland er at kulturlivet vert styrka, og at einskilde delar vert monaleg styrka.

Det er også nokre lyspunkt innan samferdsle, medan den store nedturen er at nytt odontologibygg ikkje kom med denne gongen heller.

Dobbeltspor på Fløen
- Bergen Kunsthall får styrka sitt budsjett med ein million kroner, og er eit skulderklapp for deira satsing på samtidskunst. Det synest eg er kjempekjekt, seier fylkesordføraren.

Det var noko skuffande at løyvinga til Den nye Opera på 1,7 millionar kroner var noko lågare enn forventa.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg gler seg over kultursatsinga, men er skuffa over at odontologibygget framleis står på ventelista etter at Statsbudsjettet 2008 vart lagt fram i dag.

Generelt syner Statsbudsjettet 2007 for Hordaland sin del ein vidareføring av gjeldande politikk.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg er noko skuffa over at kollektivsatsinga ikkje vart som forventa etter signala ein har fått tidlegare.

- Me er glade for ei viss auke i satsinga på rassikring, og at me har fått på plass att dei 20 millionane til prosjekteringa av nytt dobbelstspor på Fløen, påpeikar Nyborg.

- No har me snart venta i ti år på å få klarsignal til å bygga nytt odontologibygg, og at det også denne gong vert lagt på is er svært skuffande. Både studentar og lærarar har heilt utilfredsstillande tilhøve slik bygningane er i dag. Det er sørgjeleg, meiner fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Hordaland i Statsbudjettet 2008
AUD: Oppsummering for Hordaland (pdf-fil)

Simon Sortland 05.10.2007 14:26
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart