Framleis ledige plassar på Vestlandskonferansen om eit fleirkulturelt samfunn

8. og 9. november går den sjette konferansen Vestlandet – eit fleirkulturelt samfunn av stabelen på Hotel Norge, Bergen. Det er framleis ledige plassar. Tema er ungdom og gode rollemodellar.

Interesserte bør melde seg på så snart som mogeleg.

Nærmare opplysingar og påmeldingsskjema

Fullt program og påmeldingsskjema (pdf-format)

Påmeldingsskjema i word som kan leggjast ved e-post

Innbyding til konferansen frå fylkesrådmann Paul M. Nilsen

Konferansen Vestlandet – eit fleirkulturelt samfunn blir skipa til av Hordaland fylkeskommune, i regi av Hordalandsmodellen og samarbeidspartnarar.

Kulturelt mangfaldsår
Regjeringa har bestemt at 2008 skal vere eit kulturelt mangfaldsår, og Stortinget har slutta seg til. Siste nytt er at nasjonalkoordinatoren for Mangfaldsåret, Bente Møller, kjem på konferansen for å dele morgontankar i eit fleirkulturelt perspektiv med møtedeltakarane.
Regjeringa har lagt fram ei eiga melding om Mangfaldsåret for Stortinget, St.meld nr. 17 (2005-2006). Gjennom mangfaldsåret ønskjer regjeringa å ta eit samla grep om den statlege, regionale og lokale innsatsen for å fremje kulturelt mangfald. Det er oppretta eit sekretariat for Mangfaldsåret knytt til Kultur- og kyrkjedepartementet, men gjennomføringa skal skje gjennom tverrdepartementalt samarbeid. Bente Møller leiar sekretariatet.

Meir om konferansen
– Vi har fire nøkkelord for denne konferansen: Dialog, samspel, ungdom og meistring. Vi lever i eit globalt samfunn. Det svært aktuelle temaet på den politiske dagsorden er integrering og inkludering. Nesten dagleg blir vi konfrontert med konfliktar gjennom presse og kringkasting. Dette kan skape skepsis og negative haldningar. Korleis skal vi ta imot menneske som ofte kjem frå eit samfunn i full oppløysing prega av vald og overgrep. Korleis skal dei byggje ei ny framtid her? spør prosjektleiar Liv Tvilde Laading for Hordalandsmodellen.

Dialog viktig for samspel
Laading understrekar at utan dialog kjem vi ingen veg.
– Dialog er ein føresetnad for å skape utvikling. Gjennom dialog kjem samspelet. Til slutt meistrar vi. Eit fotballag som ikkje kan spele saman, vinn aldri. I eit samfunn bygd på respekt og likeverd er vi alle medspelarar. Og vi er alle rollemodellar, seier Laading.

Engasjerte personar
På denne konferansen møter vi mange engasjerte personar som vil dele sin kompetanse, erfaring og arbeid med å skape eit inkluderande samfunn.
Hadia Tajik er journalist, forfattar og politisk rådgjevar for arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen. Ho er eit døme på den gode rollemodell. For seks år sidan deltok ho på den første konferansen som 19 åring og hadde akkurat debuttert som forfattar.

Gode rollemodellar
Saera Khan er stortingsrepresentant (A) med stort samfunnsengasjement. Ho har markert seg i TV-debattar og andre debattar og er ei god rollemodell.
Hisham Zaman er filmregissør. Filmen hans, Vinterland,  fekk Amandaprisen 2007. På konferansen skal han vise kortfilmen ”Bawke” som har fått mange internasjonale dokumentarprisar.

”Flykt min sønn”
Abdullahi M. Alason er forfattar av boka ”Flyktning, min sønn, flykt”. Han er
konfliktmeklar, tolk og arbeider i IMDI region sør. Han kom som einsleg mindreårig flyktning til Noreg.
Arne Klyve er undervisingssjef ved Bergensklinikkene. Hans tema er ungdom, rus og kultur, erfaringar og utfordringar.
Stiftelsen New Page skal vise korleis dei arbeider med ungdom. I fjor fortalde Marco Elsafadi om seg sjølv og kvifor han starta New Page. I år skal dei vise korleis dei arbeider med barn og unge som fell utanfor samfunnet.

Sport og idrett viktig
Konferansen set og søkjelyset på sport og idrett for å vise kor viktig dei er for inkludering, samspel og eit godt liv. Om dette skal Anders Krystad fortelje. Han starta Rasismefri fotball i Vålerenga og er integreringsansvarleg i Norges Fotballforbund. I tillegg kjem toppspelar Ardian Gashi, tidlegare Brann, no Fredrikstad. Han er flyktning frå Bosnia og vil snakke om kor viktig idretten har vore for hans liv.
Inge Eidsvåg skal avslutte konferansen. Han er kjend kåsør og forelesar, lektor ved Nansenskolen på Lillehammer, forfattar og har fått Brobyggerprisen.

Ungdom kjem på konferansen
Mange ungdommar kjem til å vere med på konferansen.
– Vi snakkar om ungdom og vil gjerne snakke til ungdom i år. Derfor har opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune invitert elevrådsrepresentantar frå alle dei 50 vidaregåande skulane i fylket. Og vi får kulturelt innslag av ungdom med ungdommens eige bodskap, seier Liv Tvilde Laading.

Målgruppe
Målgruppe for konferansen er alle som arbeider med barn og unge i offentleg sektor, frivillig arbeid, i kultur, idrett og organisasjonsliv. Politikarar i fylke og kommune, dei som administrerer politiske vedtak og set dei i verk og ikkje minst du som er ung og skal forme framtida.

Fullt program og påmeldingsskjema (pdf-format)

Påmeldingsskjema i word som kan leggjast ved e-post

Deltakaravgift 1300 kroner for begge dagar

Påmeldingsfrist: Så snart som mogeleg
Påmelding til Tove-Bente Johnsen, e-post tove-bente.johnsen@post.hfk.no

Nærmare opplysingar: Prosjektleiar Liv Tvilde Laading, tlf. 55 23 91 17 e-post: liv.tvildelaading@post.hfk.no

Tilskipar
Konferansen blir skipa til av Hordaland fylkeksommune i regi av Hordalandsmodellen og dei faste samarbeidspartnarar: Fylkesmannen i Hordaland, Bergen kommune, IMDI region vest og Fagforbundet Hordaland.

Heimesida til Hordalandsmodellen

Bjarte Brask Eriksen 24.10.2007 15:05
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart