Europakommisjonen lanserer sin maritime handlingsplan 10. oktober. Allereie 18. oktober arrangerer Vest-Norges Brusselkontor eit dagsseminar i Ålesund med fokus på EU sin maritime politikk.
Direktør Merete Mikkelsen ved Vest-Norges Brusselkontor held opningsføredraget i auditorium Fogdegården på Høgskolen i Ålesund. Tittelen er Regionale perspektiv på EU sin maritime politikk.
- Denne politikken omfamnar mellom anna miljøvern, fiskeri og skipsfart som alle er viktige område for Vestlandet, understrekar Mikkelsen. På seminaret vil vi også presentere ulike EU-prosjekter der vår region har
kome med viktige bidrag.
Deltaking i EU-prosjekt
Forskningsrådet informerer om aktuelle EU-programmer (7. rammeprogram) som kan vere aktuelle for den maritime sektor. Spørsmåla ein stiller er: Kvifor treng EU ein ny maritim politikk? Kva ligg i den nye handlingsplanen på dette området? Kva har Noreg bidrege med i den samanheng? Kva for moglegheiter byr seg for vår region og vårt næringsliv når det gjeld deltaking i maritime/marine EU-prosjekt?
Målgruppa for seminaret er politikarar, maritimt næringsliv, offentlege myndigheiter, maritimt skuleverk og forskingsinstitusjonar. Blant føredragshaldarane finn du også seniorrådgjevar Tom Tjomsland frå Utanriksdepartementet, direktør Lars Almkov i Norges Rederiforbund og NCP for maritim transport Knut Helge Osmundsvåg i Forskningsrådet.
Program seminar om EU sin nye maritime politikk