
Skiparane av Business Region Bergen AS i Bergen rådhus samla før valet av nytt styre. Frå venstre: Eirik Haga (Vaksdal), Olav Steinar Namtvedt (RNIKS), Oskar Emil Langeland (Stord), Marit Aase (Samnanger), fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, Lars Lie (Fjell), byråd for kultur, næring og idrett Henning Warloe, Albrigt sangolt (Sund), Hans Vindenes (Fusa), Knut Hanselmann (Askøy), Terje søviknes (Os), Renate Møgster Klepsvik (Austevoll) og Bernt Hjørnevik (Øygarden).
I si innleiing peika byråd for kultur, næring og idrett Henning Warloe på bakgrunnen for skipinga. Ein av hovudkonklusjonane i arbeidet med ”Strategisk næringsplan 2006-2009 – Bergensregionen mot 2020” var trongen for eit nytt regionalt selskap for næringsutvikling.
– BRB AS skal ta ein leiande rolle i arbeidet med å vidareutvikla regionen gjennom eit breitt samarbeid med næringsliv, FoU og offentlig sektor. Me treng ei tung satsing på marknadsføring og kompetanseutvikling nasjonalt og internasjonalt for å trekkja til oss ny næringsverksemd og investeringer. Målet er at bergensregionen skal bli best i Noreg på etablerarrettleiing og gründerskap, understreka Warloe.
Heiloffentleg eigarskap
BRB vert eit aksjeselskap med ein million kroner i aksjekapital fordelt med 35 prosent på høvesvis Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune, og med 30 prosent fordelt på dei resterande deltakarane. Ved skipingsmøtet er det Regionrådet Nordhordland IKS inkludert Osterøy kommune, samt kommunane Askøy, Austevoll, Fjell, Fusa, Os, Samnanger, Stord, Sund, Vaksdal og Øygarden.

God stemning rundt bordet då Warloe og Selsvold Nyborg signerte skipingspapira for BRB AS i Bergen rådhus onsdag.
- Me reknar med at naudsynt kapital for årleg drift vil vere mellom 15 - 20 mill. kroner for å få eit slagkraftig selskap. Bergen kommune vil årleg spytta i 10 mill. friske kroner, Hordaland fylkeskommune 5 mill. kr og dei resterande kommunane om lag 1 mill. kroner totalt. I antal kroner pr innbyggjar vert det 40 for Bergen og 10 for dei øvrige.
- Det er blitt sagt at Bergen er altfor snill her, men det vert helt feil. Me er ikkje med for å vere snille, men går tungt inn fordi me ser det som heilt naudsynt for vidare næringsutvikling, understreka den tidlegare finansbyråden. I tillegg kjem prosjektfinansiering frå eksterne parter.
- Populære jobbar
Etter den formelle skipingsdelen vart møtet lukka. Då skule skiparane diskutere ny styresamansetting, og kandidatane si næringslivserfaring, FoU-erfaring og nettverk, politisk erfaring og samfunnsengasjement skulle vurderast. I tillegg spelar sjølvsagt geografisk spreidning, kjønn og alder også inn på valet.
- Me treng no ein liten men kompetent stab for å få selskapet på beina, og dette vert blant dei mest attraktive jobbane du kan søkje på i Bergen i dag. Fleire har allereie meldt si interesse, opplyste ein optimistisk Warloe.