Utdanninga av anleggsmaskinmekanikarar bør framleis vera eit særløp med 3 år i skule og 1 år i bedrift, meiner Hordaland fylkesutval. I ei fråsegn til Kunnskapsdepartement ber fylkesutvalet om at denne utdanninga ikkje vert lagt om til ordinært lærlingfag
Fylkesutvalet meiner også at utdanning av anleggsmekanikarar framleis skal vera eit landslinjetilbod. I Hordaland er det Os vidaregåande skule som har dette utdanningstilbodet.
Fråsegna
Forslag til fråsegn vart sett fram av Mette Holmefjord Olsen (SV). Fråsegna, som vart samrøystes vedteken i fylkesutvalet 21. november, har denne ordlyden:
«Fylkesutvalet ber Kunnskapsdepartementet revurdera framlegget om å gjera anleggsmaskinmekanikar-faget til eit ordinært 2 + 2 løp. Til liks med yrkessjåførfaget er dette ei utdanning som krev utvida teoretisk opplæring, kostbart utstyr og store krav til tryggleiksopplæring, som ofte er vanskeleg for mindre bedrifter å gje på ein fullgod måte.
Fylkesutvalet meiner mykje talar for at anleggsmaskinmekanikar-faget bør halda fram som eit såkalla særløp med 3 år i skule og 1 år i bedrift, og at det framleis vert eit landslinetilbod.»