
Politisk rådgjevar Hadia Tajik og prosjektleiar for integrering i Hordaland fylkeskommune, Liv Tvilde Laading, diskuterer ordninga med minoritetsrådgjevarar i den vidaregåande skulen. Foto: Bjarte Brask Eriksen
45 prosent fråfall
– 45 prosent av innvandrarar fullfører ikkje skulen. Hos barn til innvandrarar er fråfallet 30 prosent, mens det for majoritetsungdom er på 26 prosent. Regjeringa vil no gjere grep for å hindre fråfallet i den vidaregåande skulen. Skular der meir enn 20 prosent av elevane er innvandrarar skal få eigen minoritetsrådgjevar. Dette omfattar 30 vidaregåande skular i landet. I Hordaland gjeld dette Bergen katedralskole og Årstad videregående skole, sa Hadia Tajik.
Eteforstyrring og depresjonar
Tajik opplyser at minoritetsrådgjevaren skal arbeide med alle typar utfordringar for innvandrarar som til dømes eteforstyrring og depresjonar og førebyggje at elevar fell ut av skulen. Tiltaket blir også ein del av handlingsplanen mot tvangsekteskap.
– Minoritetsrådgjevaren mellom anna skal vere til stades i sommarferie og juleferie for det er ofte på den tida tvangsekteskap føregår, seier Hajik.
Regjeringa har gitt IMDI (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) i oppgåve å ta seg av arbeidet med minoritetsrådgjevarane. Det følgjer statlege midlar med til å finansiere ordninga, slik at fylkeskommunane ikkje blir påført ekstra kostnader. Ordninga blir sett i verk i 2008.
Må bli sett
På den fleirkulturelle konferansen sa Hajik at det er 415.000 innvandrarar i Noreg. Dette utgjer ni prosent av folketalet. Av desse er 35 prosent under 30 år. Og fleire enn åtte av ti etterkomarar av innvandrarar er under 20 år.
– Desse er ein ressurs for Noreg, og det har noko å seie korleis det går med dei. I dag har vi ei arbeidsløyse på 1,4 prosent, mens den hos ikkje-vestlege innvandrarar er på fem prosent. Arbeidsløysa her i landet har gått ned, men gapet til arbeidsløyse ikkje-vestlege innvandrarar er ikkje blitt redusert. Innvandrarane treng å bli sett! understreka politisk rådgjevar Hadia Tajik. Ho er sjølv fødd i Stavanger av foreldra som innvandra frå Pakistan.
200 deltakarar
Rundt 200 deltakarar var med på konferansen Vestlandet – eit fleirkulturelt samfunn på Hotel Norge 8. og 9. november. Tema er ”Ungdom meistrar, dialog og samspel i eit inkluderande samfunn”. Dette er sjette gongen Hordaland fylkeskommune og samarbeidspartnarar skipar til konferanse om det fleirkulturelle samfunnet.
Les også:
Fekk publikum til å gråte og le
Gull til Gashi og Krystad
Gullet kom hem på fleirkulturell konferanse
Heimesida til den sjette konferansen Vestlandet - eit fleirkulturelt samfunn