Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg spretter kaka som markerte av Skyss er etablert og sett i drift. (Foto: Stanley Hauge.)
Opprettinga av Skyss er knytt til at fylkeskommunen har gått over til å nytta anbod i staden for å tildela ruteselskapa konsesjon for buss- og båtdrifta. Omlegginga inneber at fylkeskommunen vil overta marknads- og innteningsansvaret som til no har lege hos rutelaga som har hatt konsesjon.
– Denne omlegginga har auka fylkeskommunen sitt eige ansvar for rutedrifta. Saman med behovet for profesjonalisering av innkjøpsfunksjonen, har dette gjort det nødvendig å etablera eit eige forvaltingsorgan under samferdselsavdelinga. Det er kort sagt bakgrunnen for opprettinga av Skyss, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ved opningsmarkeringa måndag 19. november.
Fine lokale
– I dei opne, lyse og trivlege lokala Skyss har fått her i Aasegården, ligg det vel til rette for at de skal kunna utvikla kollektivtrafikken i Hordaland i ei positiv retning innanfor dei politiske og administrative rammene som ligg til grunna. Eg ynskjer dykk lukke til med oppgåva, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Under oppbygging
Skyss er i ein oppbyggingsfasen.
Direktør Oddmund Sylta tok til i jobben 1. november. Til no har han fått på plass om lag halvparten av staben Skyss etter planen skal ha i løpet av 2008, i alt 23 stillingar.
Skyss skal vera marknads- og kundeorientert og endringsvillig, sa direktør Oddmund Sylta ved opningsmarkeringa. (Foto: Simon Sortland.)
Skyss – ansvar og oppgåver
– Skyss skal vera ein reiskap for kjøp av transporttenester og realisering av fylkeskommunen sine mål og strategiar innan kollektivtrafikken, sa direktør Sylta ved opningsmarkeringa.
Han lista kort opp kva Skyss har ansvar for: Kjøp av transporttenester, marknadsføring, takstutforming, informasjon, ruteopplysning, brukarundersøkingar, billetterings- og salssystem, terminaldrift og produktutvikling.
Kjenneteikn
Direktør Sylta la vekt på at Skyss skal vera marknads- og kundeorientert, endringsvillig, bruka teknologi som verktøy, vera løysingsorientert, nytenkjande, lærande og byggja gode relasjonar.
Ein spydspiss
Utfordringane for Skyss er mange. Talaren for dagen, redaktør Olav Kobbeltveit i Bergens Tidene, trekte fram at Skyss kan verta ei skyteskive med det ansvaret selskapet har fått for kollektivtrafikken. Hans oppfordring var: Skyss må ta mål av seg til å verta ein spydspiss for kollektivtrafikken og utviklinga av den i Bergensområdet og heile Hordaland.
De har sjansen, men eg skal lova at me i Bergens Tidende følgja med i kva som skjer med eit kritisk blikk skal, og at det vil få omtale i våre spalter, avslutta Kobbeltveit.
Det høyrer med at han innleiingsvis i talen sin klart gav uttrykk for at privatbilen ikkje er løysinga for framtidas kommunikasjon – heller ikkje i Bergensområdet. Meir kollektivtrafikk, satsing på bybana og mindre privatbilisme, må verta framtida etter Kobbeltveit og BT? si meining.
Fylkeskommunen fekk honnør for namnevalet på selskapet. – Skyss – det er godt påkome, sa Kobbeltveit.
Meir om Skyss
Lenkje til www.skyss.no
Skyss må ta mål av seg til å verta ein spydspiss for kollektivtrafikken og utviklinga av den i Bergensområdet og heile Hordaland, sa BT-redaktør Olav Kobbeltveit.(Foto: Stanley Hauge.)