Mindretalet gjekk inn for at fylkeskommunen framleis skal ha Kommunal Landspensjonskasse (KLP) som leverandør av tenestepensjon.
Fylkestinget sitt vedtak:
«1. Hordaland fylkesting vurderer at skilnadene i tilbod mellom tilbydarane gjev følgjande rangering av selskapa i høve til økonomikriteriet (55 %);
1. Vital
2. KLP
3. Storebrand
På denne bakgrunn vel Hordaland fylkesting Vital som leverandør av tenestepensjon til Hordaland fylkeskommune.
2. Fylkestinget vil følgja utviklinga på tenestepensjonsmarknaden og vurdera ein ny anbodsprosess om noko tid. I ein slik prosess bør også spørsmålet om eigen pensjonskasse vurderast.»
Punkt 2 vart vedteke med 47 mot 9 (Sp, SV, RV) røyster.
Avviste utsetjing
Mette Holmefjord Olsen (SV) føreslo at saka skulle utsetjast slik at det vart betre tid til å setja seg inn i saka. Utsetjingsforslaget fekk 25 (Ap, SV, RV, Sp og 1 V) røyster og fall. 32 (H, KrF, Frp, 2 V) røysta imot usetjing.
Protokollmerknad
I ein protokollmerknad beklagar Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk venstreparti og Raud Valallianse sterkt at fylkestinget ikkje fekk tid nok til på forsvarleg måte å handsama saka om val av tenestepensjonsleverandør.
Varsla lovlegkontroll
Mette Holmefjord Olsen (SV) varsla at Arbeidarpartiet, Sosialistisk venstreparti, Raud Valallianse og Senterpartiet vil krevja lovlegkontroll av fylkestinget sitt vedtak i denne saka.
Tre tilbydarar
Ved anbodsutlysinga fekk fylkeskommunen inn anbod frå tre leverandørar, Kommunal Landspensjonskasse, Storebrand og Vital.
Pressemelding om andre saker i fylkestinget