Konferansen går av stabelen på Thon Hotel Bergen Airport, Kokstad fredag 16. og laurdag 17. november. Konferansen startar klokka 15.00 fredag og klokka 09.00 laurdag.
Åtte fagkonferansar
Før konferansestart fredag blir det åtte fagkonferansar der mellom anna talentutvikling innan toppidrett står på programmet. Der skal mellom anna academy manager i Premier League-klubben Reading, Eamonn Doland, fortelle om korleis talentutviklinga skjer i ein av dei leiande fotballklubbene i England. Denne fagkonferansen er frå kl. 09.00 til 14.30 fredag 16. november på Thon Hotel Bergen Airport.
Fersk stortingsmelding
Partileiar for Høgre, Erna Solberg og stortingerepresentant for SV, Ågot Valle skal diskutere den ferske stortingsmeldinga om ”Frivillighet for alle” og utfordringar knytt til det frivillege som samfunnsverdi og rammeføresetnader for idrett og friluftsliv lokalt. Det skjer laurdag klokka 12.20.
"Vi vil"-suksess i Sverige
Frå Sverige kjem visepresident Birgitta Ljung i Riksidrettsforbundet for å orientere om ”Vi vil-programmet”. Gjennom dette programmet har den svenske staten gitt store pengesummar for å styrke breiddeidretten. Dette har gjeve konkrete resultat og har vore ein suksesshistorie i Sverige.
Samarbeid
Eit anna sentralt tema blir å få til betre samarbeid mellom det offentlege og dei frivillige organisasjonane. Byråd Lisbeth Iversen skal greie ut om verdien av den frivillige innsatsen i Bergen, mens toppidrettsutøvar Kjersti Tysse Plätzer skal fortelle om kva det frivillge har å seie for ho. Leiar av Frivillighet Norge, Sven Molleklev, skal ta føre seg konsekvensar og utfordringar for ”Frivillighet for alle”.
Årleg viktig arena
Fylkeskonferansen for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Hordaland er ein årleg viktig arena for fagleg påfyll innan idretts- og friluftslivspolitiske tema. Målet med konferansen er å vere ein møtestad for å spreie kunnskap til aktørar som arbeider med eller har eit ansvar innan fysisk aktivitet , idrett og friluftsliv. Målet er også å styrkje nettverket til alle som jobbar innan fagfeltet for å skapa ein "aktiv kvar dag" for folk i Hordaland.
Konferansen blir skipa til av Hordaland fylkeskommune, Hordaland idrettskrets, Bergen og Omland Friluftsråd, Bergen turlag og Bergen kommune.
Detaljert program for konferansen og fagkonferansane som pdf-fil:
http://www.hordaland.no/upload/Kultur/Idrett/Endelig%20program.pdf