Ønskjer ny bystasjon innan 2010

Den 50 år gamle Bystasjonen skal no oppgraderast. Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Nygårdstangen AS og Statens vegvesen presenterte fredag planane for den nye Bystasjonen.

Busstasjonen

Partane er samde om løysinga for den nye stasjonen. Ein tek sikte på at den skal stå ferdig oppgradert samstundes som Bybanen er ferdig med første byggjesteg til Nesttun i 2010. Fredag presenterte dei rapporten frå forprosjektet.

Dei viktigaste endringane er følgjande:

  • Heile arealet under Bygarasjen vert teke i bruk til ny terminal.
  • Det vert trafikkøy der perrongane ligg i dag.
  • I midten kjem Bybanen.
  • Ekspressbussane plasserast i sør, lokalbussene i nord.
  • Det vert sykkelparkering på fleire stader på området.
  • Forslaget skal handsamast politisk. Det skal også arbeidast vidare med finansiering og den framtidige eigarstrukturen.

Fleire på buss og bane
Fylkesrådmann Paul M. Nilsen tror den nye Bystasjonen vil bidra til auka kollektivtrafikk.

- Det har vore mykje fokus på busstakstar i mediene, men ein velfungerande og ny terminal vil også vere positivt for folk sitt reisemønster, seier han.

- Når terminalen er nesten 50 år gamal, seier det seg sjølv at løysingane ikkje er gode nok. Ved å ta i bruk søndre del av området får vi eit luftigare område med større fasilitetar. Det er vi godt fornøgd med, seier Jan Einar Greve i Nygårdstangen A/S.

Kommunaldirektør Edel Eikeseth er også svært fornøgd med forslaget til løysing. - Nygårdstangen er eit av dei viktigaste byutviklingsområda i Bergen, seier ho.

(Kjelder: bt.no og bergen.kommune.no)

Forprosjekt for utvikling av terminalområdet Nonneseter/Bystasjonen
BT: Slik blir den nye Bystasjonen
Bergen kommune: Ønsker ny bystasjon innen 2010 

 

Simon Sortland 19.11.2007 10:10
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart